Hopp til innhold

Nesten kvelt i skitrekk

Ein 10 år gamal gut er frakta til Førde sjukehus etter at han var i ferd med å bli kvelt på Stryn skisenter i totida laurdag ettermiddag.

Gut hekta fast i trekket på Stryn skisenter
Foto: Arne Vik

Det var to gutar på 10 år som fall av T-kroken nesten på toppen av trekket. Den eine vart hengjande fast i skistavar og hanskar, medan den andre vart hekta fast i ein hettegenser.

Driftsleiar ved Stryn skisenter, Frode Briksdal, seier at ein gjest fekk stoppa trekket ved å trykkje på naudstoppknappen på toppen av trekket. Då var gutane trekt etter skitrekket 150 meter.

Ikkje bevisst

- Då 10-åringen vart hekta av trekket var han ikkje bevisst. Vi frakta han ned til botnen av trekket i snøscooter, kor ambulansepersonellet stod klar til å ta over, seier han.

Guten kom seg raskt etter han var hekta av trekket, og er no i fin form etter tilhøva. Guten vart frakta til Førde sentralsjukehus, men vart utskriven dagen etterpå.