Hopp til innhold

Nervøst før båtkåring

Hordalendingene og trønderne i tett kamp om kåringen av Norges nasjonalbåt.

Oselvar eignar seg for segling
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

- Det er tydelig at de har mobilisert kraftig i Trøndelag, sier Iain Parker i Oselvarlaget.

Det er Redningsselskapet som arrangerer konkurransen, og Oselvaren har heile tida vore blant båtane med flest stemmer. Men dei siste dagane har Åfjordsbåten frå Trøndelag gjort eit kraftig byks. Fredag ettermiddag skilde det berre eit par hundre stemmer i favør av båten frå Os, som då hadde kome opp i 42.133 avgitte SMS.

NRK Hordaland har tidlegare omtala det store engasjementet, som omfattar både Os kommune med Terje Søviknes i spissen, og ei eiga Facebook-gruppe.

Her er kandidatane:

1. Nordlandsbåt
2. Oselver
3. Åfjordsbåt
4. Nordmørsgeit
5. Colin Archers skøyte
6. Jekta
7. Sjekta/snekka
8. Redningsskøyta
9. Vikingskipa
10. Hurtigruta

I løpet av fredag har det kome inn rundt 11-12.000 stemmer på Åfjordsbåten, etter at blant anna Adresseavisen har publisert patriotiske artiklar. Avstemminga vert avslutta måndag 17. august.

- Akkurat no er vi likt, men i dag tidleg var vi i tet med 6000 stemmer, seier Rune Søvik i Oselvarlaget.

Du kan følgje utviklinga her.