Det Årdal Kommune vil ha ei politisk handsaming av, er Hydro Aluminium sin søknad om å få bygge ut nytt Tyin Kraftverk. Utbygginga vil auke kapasiteten med 75 gigawattime, noko som tilsvarer heile forbruket til alle husstandane i kommunen. Seinast i fjor vedtok finanskomiteen på Stortinget at Hydro ikkje får ta med seg konesjonskraft ut frå industribygda når dei legg ned i Årdal i 2007. No fryktar Lægreid at Hydro vil ta med seg krafta frå kapasitetsauken ved nytt Tyin Kraftverk ut frå kommunen.
I går vedtok kommunestyret i bygda å stille seg bak Hydro sin konsesjonssøknad, under føresetnad av at all kraft blir i kommunen. - Krafta er grunnlaget for å kunne skape noko nytt om Hydro held på vedtaket om å legge ned i Årdal, seier orføraren.