Det danske selskapet Transmedica ville drive sjukehuset i Florø som privat nærsjukehus, i tillegg til å spesialisere seg på kirurgi.
Adm. direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen seier nei til privatsjukehus i Florø.
- Førebels har vi sagt at det ikkje blir aktuelt med utleige til private, seier adm.dir i Helse Vest, Herlof Nilssen.
Helseminister Dagfinn Høybråten har tidlegare sagt at det skal leggast til rette for offentleg sjukehus i Florø.
Dei tilsette ved Florø sjukehus er kritiske til at Helse Vest ikkje vil late danske Transmedica drive privat sjukehus. Oversjukepleiar meiner det er merkeleg at Helse Vest kjøper tenester frå private andre stader, medan ikkje vil ha ei slik løysing i Florø. Oversjukepleiar, Signe Nordvik, seier det er vanskeleg å forstå kvifor Transmedica ikkje får sleppe til.