Hopp til innhold

Nedleggingstrua skular slapp med skrekken i Sveio

Ein oppheita skuledebatt har ført til steile frontar i Sveio. I dag vann motstandarane av nedlegginga ein halv siger.

Skulesak Sveio

KORTESJE: Dei to nedleggingstrua skulane hadde brei lokal støtte. Dagen før kommunestyremøtet var det demonstrasjon mot nedlegginga.

Foto: Daniel DeNiazi

Saka har vekt stor merksemd både lokalt og nasjonalt, blant anna på grunn av to avhopparar i Høgre. Partiet gjekk til val på å behalde alle fem skulane. Like etter valet braut to av representantane ut, og kunne no vippa fleirtalet for skulenedlegging.

NRK skreiv tidlegare denne veka om saka som har splitta Sveio.

Dei to skulane som var snakk om å legge ned, er Valestrand og Auklandshamn, som til saman har om lag 100 elevar.

Upopulær nedlegging

Ei meiningsmåling utført av Sveio Høgre viser at tre av fire i kommunen er for å behalda skulane. Berre 18 prosent vil legge to av dei ned.

No har fleirtalet fått viljen sin. Skulane får halda fram.

Skulesak Sveio

LOKALENGASJEMENT: Dagen før kommunestyremøtet stod fleire innbyggjarar i Sveio langs vegen og viste støtte til skulane.

Foto: Daniel DeNiazi

Forslaget som vart vedtatt sa at kommunestyret igjen skulle vurdere nedlegging viss det gjennomsnittlege talet på elevar på skulane gjekk under 40 på kvar skule over ein periode på to år.

Forslaget hadde støtte frå Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og dei to uavhengige representantane.

– Blanda kjensler

Solveig Høgås Iversen følgde kommunestyremøtet på nett. Ho er leiar av Valestrand bygdelag, og har ungar på skulen Valestrand oppvekststun.

Under møtet sat ho spent i sofaen.

Etter vedtaket var gjort var ho korkje trist eller glad.

– Det gjev skulen ei usikker framtid, så det er veldig blanda kjensler, seier Ivesen.

Ho er nøgd med at skulane overlevde nedlegging, men er usikker på framtida. Ho reagerer spesielt på grensa på 40.

– Det er ein liten margin, spesielt sidan det er over berre to år, seier Iversen.

Kjartan Eidsvåg og Solveig Høgås Iversen

FØLGJER MED: Kjartan Eidsvåg og Solveig Høgås Iversen ser spente på kommunestyret sitt møte. Dei har begge ungar på Valestrand oppvekstsenter.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sveio Høgre skriv i ei pressemelding at dei er nøgde med at skulesbruksplanen for Sveio kommune 2021 - 2027 blir ferdigstillt utan endring i skulestrukturen.

Dei ville i utgangspunktet hatt eit anna forslag enn det som fekk fleirtal.

Saman med Sp, KrF, MDG og SV ynskte Høgre eit nedre nivå på gjennomsnittleg 35 elevar over fire år. I staden vart det 40 over to år.

Ordførar Linn Therese Erve seier at det var viktig at det ikkje vart endringar i skulestrukturen.

Linn Therese Erve

NØGD MED UTFALLET: Ordførar i Sveio Linn Therese Erve (Ap).

Foto: Eli Bjelland / NRK

Erve avviser at dei strenge krava for å kunne fortsette er for at dei på sikt skal leggast ned.

– Det er ikkje eit konkret mål om at dei skal leggast ned. No må me jobba for å få vekst i desse bygdene, seier Erve.