Hopp til innhold

Sa ja til å få tilbake Sogn og Fjordane fylke

BALESTRAND (NRK): Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti sa i dag samrøystes ja til å gjenreise Sogn og Fjordane fylke. Dei ønskjer også ei folkerøysting om spørsmålet.

Aleksander Øren Heen

STEMTE JA: Eit samrøystes Sogn og Fjordane Senterparti røysta i dag ja til å gjenreise Sogn og Fjordane fylke. Gruppeleiar i Vestland Sp, Aleksander Øren Heen, kallar det eit verdistandpunkt. Her fotografert ved ei tidlegare anledning.

Foto: Elise Angell / NRK

– Det er ikkje ei stor nyheit, dette har Senterpartiet i Sogn og Fjordane meint heile tida. Det nye er at ein ber om ei folkerøysting, seier gruppeleiar for Senterpartiet i Vestland, Aleksander Øren Heen.

Det kom inn nokre endringsforslag undervegs, men vedtaket i årsmøtet blei samrøystes.

– Dette er ei klar melding frå Senterpartiet i Sogn og Fjordane, seier Heen.

– Det vil koste pengar å gå tilbake?

– Det blir ein diskusjon, men det er eit verdistandpunkt at ein ønskjer å ha eit fylke som er nær folk. Vi har ikkje fått fleire oppgåver, det er eit svik frå regjeringa at dei ikkje følger opp.

Vil ha folkerøysting

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete deltek også på årsmøtet.

– Slik saka står, utan oppgåvene og pengane som var lova, støttar eg at ein går for å løyse opp det nye storfylket, sa Navarsete til NRK dagen før avrøystinga.

Stortingsrepresentanten seier ho deler syn med mellom andre Senterkvinnene, Senterungdommen og fleire lokallag.

– Er ikkje det for seint no?

– Det blei stilt klare vilkår for samanslåing. Alle trudde det skulle bli veg i vellinga og mange oppgåver. Regjeringa er ikkje villige til å yte det ein eigentleg var lova i forkant, seier Navarsete.

– Enten må regjeringa stille opp med noko anna enn dei har gjort hittil, elles må vi ut av dette. Det einaste vi kjem til å drive med framover, er å kutte i tenester.

– Grensar til det useriøse

– Å foreslå å løyse opp Vestland ein månad etter at fylket formelt har blitt ei ny eining, synest eg grensar til det useriøse, svarer kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) Navarsete.

Han meiner Vestland fylkeskommune no må ha ro til å gjere ein god jobb for innbyggjarane.

– Eg synest det er skuffande, men ikkje særleg overraskande. Det har vore gode lokale prosessar i Sogn og Fjordane og Hordaland som Senterpartiet har vore sterk delaktig i, sa Astrup fredag.

Nikolai Astrup

– GRENSAR TIL DET USERIØSE: – Eg trur befolkninga er meir oppteken av at ein skal bruke pengar og innsats på å drive gode tenester enn å bruke pengar på å løyse opp det nye fylket, seier kommunalminister Nikolai Astrup (H).

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Astrup viser til at fylkeskommunane har fått ein betydeleg auke i frie inntekter over fleire år.

– Fylkeskommunane bør vere godt i stand til å løyse oppgåvene dei er sett til. Det vil i alle fall vere spesielt å bruke skattebetalarane sine pengar på å løyse opp fylket, framfor å gi befolkninga tenestene dei forventar og fortener.

Vil stille ultimatum

Tidlegare Jølster-ordførar og kommunestyrerepresentant i Sunnfjord, Oddmund Klakegg (Sp), meiner oppløysing av fylket må vere eit krav frå Senterpartiet om eit nytt regjeringsalternativ skulle bli aktuelt.

– Blir det eit stortingsfleirtal for å reversere Troms og Finnmark og Viken, kan vi ikkje stå igjen på perrongen her i Sogn og Fjordane.

Partifelle og fylkesordførar i Vestland Jon Askeland, kommenterer forslaget slik under årsmøtet:

– Det er ein debatt som naturleg går føre seg her. Mi rolle er å gjere ein jobb ut frå oppdraget eg er gitt, uttalte han fredag.