Hopp til innhold

Natvig ny trenar for damene i Sogndal

Trønderen Martin Natvig tek over etter Robert Hovland som ny trenar for Sogndal sitt kvinnelag i fotball. Natvig har skrive under på ei kontrakt som strekker seg ut sesongen 2025. Bakgrunnen har han frå den tradisjonsrike fotballklubben i Steinkjer.

Han er tilsett i ei 100 prosent stilling med base på Fosshaugane Campus

– Eg ser fram til å jobba med dette unge og framstormande laget. Eg har følgd med laget nokre kampar, og dei er ein ivrig og spennande gjeng, fulle av energi og pågangsmot, seier Natvig til Sogndal Fotball si heimeside.