Hopp til innhold

Næringsministeren ber reiselivet snakke mindre om krise: – Dette er den nye normalen

Iselin Nybø (V) med beskjed til reiseliv og næringsliv: – Vi må slutte å kalle det ei krise og heller finne ut korleis vi skal leve med dette.

Kjetil Smørås og Iselin Nybø

SAKNAR STØTTE: Kjetil Smørås i De Bergenske meiner regjeringa burde bidra til at fleire klarer seg gjennom året. Her saman med næringsminister Iselin Nybø.

Foto: Julianne Flølo

Det var bodskapen næringsministeren hadde då ho besøkte aktørar innan reiselivet og restaurantbransjen i Bergen for å høyre korleis det har gått etter koronarestriksjonane blei innført 12. mars.

For ministeren var klar på at det ikkje er nødhjelp på veg:

– Vi får seie det som det er – vi kjem ikkje med pengar no, var beskjeden til reiselivet i Bergen.

– Avbestillingar for 250 millionar

Nybø møtte mellom andre Kjetil Smørås i De Bergenske. Selskapet eig og driv fem hotell, seks spisestader og fleire selskapslokale i Bergen. Han kunne fortelje om ein bransje som slit kraftig.

– Vi har fått avbestillingar til ein verdi av 250 millionar kroner, fortel han.

Smørås er krystallklar på kva som trengst for at aktørane i bransjen skal klare seg.

– Vi treng å vite at vi kan leve fram til neste sommar. På same måte som regjeringa har opna for 52 veker med permittering så treng vi ein kompensasjonsordning som varer like lenge, seier han til Nybø.

Nybø svarer med å utfordre aktørane til å vere kreative og finne nye løysingar.

– Dette er den nye normalen, og vi må finne ut korleis vi skal leve med den, seier ho.

Kjetil Smørås, De Bergenske

TAP: Kjetil Smørås og De Bergenske har gått glipp av 250 millionar kroner så langt i år. Han saknar meir støtte frå regjeringa.

Foto: Julianne Flølo

Ikkje lenger ei krise

Nybø manar til å heller prate om ein ny kvardag snarare enn krise, og ho kom ikkje med lovnader om økonomiske bidrag frå regjeringa.

– Det viktigaste tiltaket var permitteringsordninga, og no skal vi sjå om det er behov for forlenging eller nye løysningar, seier ho.

Ministeren meiner dette gir moglegheiter til å tenke annleis. Ho rosar Visit Bergen, som driv turistinformasjonen i Bergen, for å vere tidleg ute med å omstille seg i ei vanskeleg tid.

Vanlegvis planlegg Visit Bergen fleire år fram i tid. No har selskapet i staden bestemt seg for å ta eitt år om gongen.

– Sommarkampanjen for neste år blir rulla ut allereie no, og vi rustar oss for at sesongen blir som dei siste fem månadane, seier reiselivsdirektør Anders Nyland.

Filip Rygg foran Torghallen i Bergen

10 PROSENT AV NORMALEN: Berre sju-åtte tusen var innom Turistinformasjonen på Torget i Bergen i juli. Det er kring 10 prosent av normalen.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Bekymra trass rekordmånad

Restaurant 1877 i Bergen er ein av dei som har klart seg bra under koronarestriksjonane. Dagleg leiar Christina Bollmann kunne fortelje næringsministeren om rekordomsetnad i juli.

– Sesongen har gått over all forventing samanlikna med kva vi såg for oss i mars. Vi hadde ein grei juni, rekord i juli og august ligg førebels framfor fjoråret, fortel ho.

Restauranten som ligg midt i Bergen sentrum tener no inn det dei tapte på å halde stengt.

– Vi var tidleg ute med både å stenge og opne. Frå juni opna vi for fullt, og det trur eg var lurt. Vi har også vore opne om at det har vore vanskeleg, og gjestar har vore flinke til å dele positive opplevingar, seier ho.

Men trass gode sommarmånadar er Bollmann bekymra for resten av året.

– Avbestillingar til hausten tikkar inn, så årsresultatet blir nok ikkje det beste, fortel ho.

Iselin Nybø og 1877.

GOD SESONG: Under besøket i Bergen var Nybø også innom restauranten 1877 i Bergen, som har hatt ein overraskande god sesong.

Foto: Julianne Flølo