Hopp til innhold

Naboen Knut minutt unna å bli råka av storbrannen

Brannen i Lærdal var i ferd med å spreie seg og ta driftsbygningen til naboen Knut Eltun, då mannskap i siste liten fekk sløkt brannen.

Knut Eltun, Lærdal

TOK TAK I DRIFTSBYGNING: Knut Eltun seier brannmannskap akkurat kom fram i tide, slik at brannen ikkje spreidde seg til andre hus på tunet.

Foto: Jan Christian Jerving

Bygningen ligg tett i tett med andre bygg og hus på tunet hans.

– At dette gjekk så bra som det gjorde, det er nesten ikkje til å tru.

Knut Eltun er næraste nabo til klyngetunet som vart totalskadd.

Han står framfor driftsbygningen der storbrannen fekk tak, men der brannvesenet klarte å hindre vidare spreiing til andre bygningar og huset han bur i.

Langs veggen kan ein sjå korleis halve bygningen er svart, medan den andre delen er raud.

– Kona ringde og fortalde om brannen. Då såg eg for meg at både nabogarden og garden vår gjekk ville gått opp i røyk. Husa ligg så tett her.

Laurdag kveld driv brannvesenet ettersløkking, etter storbrannen som førte til at delar av eit klyngetun vart totalskadd.

Kraftig vind og gassflasker som eksploderte gjorde sløkkearbeidet vanskeleg.

Brannvesenet fekk melding om brannen i ein låve ved Tønjum i Lærdal klokka 13.35. På Twitter melde 110 Vest at det brann kraftig og at det var kraftig vind.

Brann i Lærdal 28. mai 2022

KRAFTIG BRANN: Mykje vind gjorde sløkkearbeidet utfordrande.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Eltun ønsker no å takke brannmannskapet for innsatsen.

– Hadde det teke skikkeleg fyr i uthuset vårt her, så hadde det fort gått mange hus. Eg såg for meg heile garden brunne svart.

Fleire eksplosjonar

Driftsbygningen vart totalskadd i den kraftige brannen. Sterk vind og fleire gasseksplosjonar i bygningane gjorde sløkkearbeidet vanskeleg.

Innsatsleiar Svein Ove Åmås seier det fort kunne gått fleire bygg.

Det vart med ein gong sett inn to mann på nabobygninga for å hindre spreiing.

– Spreiingsfaren var stor. Det er familiefolk og eldre folk som bur her. I tillegg har vi E16 som går rett forbi her. Det var skummelt.

Det var ikkje dyr eller menneske i nokon av bygningsdelane. Det var heller ingen som blei meldt sakna.

 Svein Ove Åmås, innsatsleiar hjå Lærdal, Årdal og Aurland Brann.

HINDRA SPREIING: Innsatsleiar Svein Ove Åmås ved Lærdal, Årdal og Aurland Brann seier brannen fort kunne spreidd seg vidare.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kraftig brann

Blant dei første ressursane på brannstaden var lokale bønder med gyllevogner og slangar. Brannvesenet sende ut ressursar frå Lærdal, Aurland og Årdal. Hadde brannen spreidd seg vidare slik dei frykta, ville 110-sentralen ha kalla ut mannskap frå Vossevangen og Vossestrand.

Klokka 15 opplyste politiet at brannvesenet hadde ein grad av kontroll. Fleire flasker med acetylen og oksygen som stod på låven gjekk i lufta og skapte fleire eksplosjonar.

Brann i Lærdal 28. mai 2022

RUINAR: Brannvesenet i Lærdal kjem til å driva ettersløkking i lang tid laurdag ettermiddag og kveld.

Foto: Jan Christian Jerving

– Per no er det ikkje fare for ytterlegare spreiing. Det har stått fleire gassflasker med acetylen og oksygen i bygget, som har eksplodert. Dette har ikkje medført skade, men det har ført til fleire høyrbare smell, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK.

Også andre maskiner med drivstofftankar, som var lagra i bygningane, tok fyr og small.

På grunn av den uavklarte situasjonen med gassflaskene sperra politiet av eit område i ein radius på 100 meter frå brannstaden. Det gjorde også at E16 blei stengd i ein lengre periode.

Brann i Lærdal 28. mai 2022

TRE STASJONAR: Brannfolk frå Lærdal, Aurland og Årdal rykte ut til bygningsbrannen. 110-sentralen planla å kalla ut mannskap frå Vossevangen og Vossestrand dersom brannen spreidde seg ytterlegare.

Foto: Jan Christian Jerving

Stor utrykking

Totalt har elleve køyretøy frå brannstasjonane i Lærdal, Aurland og Årdal hjelpt til i brannen.

Vinden skapte dei største utfordringane for brannmannskapet.

– Det gjorde at brannen spreidde seg så mykje som den gjorde før vi kom fram.

Frå alarmen gjekk til den første brannbilen var på plass, gjekk det ifølge Frantzen 12 minutt.

Politiet seier laurdag kveld at det er for tidleg å seie noko om brannårsaka.

– Rippar opp i gamle sår

Innbyggarane i Lærdal har tidlegare fått kjenne på følgjene av korleis vinden kan føre til storbrann i gamle trehus.

I januar 2014 vart meir enn 40 hus og bygningar totalskadde i brannen.

Brann i Lærdal

VONDE MINNE: I 2014 vart Lærdal råka av ein storbrann.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det frys nedover ryggen når vi høyrer det brenn i Lærdal, seier lærdalsordførar Audun Mo.

Han er ikkje i heimkommune denne helga, men har vore i kontakt med mange i bygda.

– Dette rippar i gamle sår, seier Mo, og legg til;

– Vi får prise oss lukkelege for at det trass alt berre er materielle skader, seier han.