Møteulukke på Helgheim.

Sundag ettermiddag kolliderte to bilar ved Helgheim kyrkje i Jølster kommune. Ingen personar vart skadde. – Men den eine bilen har ikkje stogga, det kan vere at føraren ikkje er klar over at dei har støtt saman. Vi oppfordrar folk som har køyrt sørover forbi kyrkja og mistenkjer at dei kan vere involverte om å ta med kontakt med politiet, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.