Hopp til innhold

Mot styrekrise i Helse Førde

Fleire styremedlemmar vurderer å trekkje seg.

Helse Førde-styret
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

DEBATTÉR: Opseth går i protest

Tidlegare i dag var det klart at Kjell Opseth trekkjer seg frå styret på grunn av at dei har for lite handlingsrom. No kan fleire følgje etter.

HØYR:   - Begeret var fullt

Fleire vurderer framtida

Jorunn Ringstad

Jorunn Ringstad

Foto: Helse Førde

- Det fins grenser for kor mykje tid og krefter vi kan bruke på oppgåver som kan viser seg å vere nesten umogleg, seier styremedlem Jorun Ringstad.

LES OGSÅ: Avfeiar kritikk får Opseth

Fleire styremedlemmer som NRK har snakka med i dag seier at situasjonen som no har oppstått gjer at dei vurderer framtida si i Helse Førde styret. Dermed kan det gå mot styrekrise i Helse Førde.

Avventar

Styremedlem Jorun Ringstad fortel at tålegrensa er i ferd med å nærme seg før også ho sler følgje med Kjell Opseth ut av styret. Ho vil først sjå kva leiinga klarar å leggje fram av kutt framfor styremøtet i februar eller mars.

- Det er klart at den økonomiske situasjonen vi er er blitt forverre etter det siste utspeler får Helse Vest om at vi må spare meir. Det er frustrerande og det gjer at ein gjer seg opp ulike tankar, seier ho.