Hopp til innhold

Møt spam-maskina Gustav (61)

Han sender 3000 likelydande mailar kvar dag. Mottakarane berre ber om meir.

Gustav Rasmussen
Foto: Remy Kongsvoll

3000 menneske får dagens dikt av Gustav Rasmussen frå Stord på e-post.

61-åringen har skrive dikt kvar dag sidan 1996, og sender dei ut kvar morgon.

Kjøpte maling på rim

Dei sterke meiningane må ut. Det har rett og slett blitt ein mani.

No nærmar han seg 2000 dikt.

- Men eg vil ikkje kalle meg dikter. Eg kallar meg heller ordsmed.

Det begynte med då han var formann på eit lager.

- Eg starta med å bestille maling på rim, seier han.

Sjå videointervju frå den gongen han hadde skrive 1000 dikt

Utviklinga skjedde raskt. No har han lesarar frå Berlevåg i nord til Kristiansand i sør. Til og med i USA og i Australia har han faste lesarar.

- Eg har prøvd å få Kjell Inge Røkke med på lista, men eg har ikkje fått tilbakemelding frå han.

Sint på politikarane

Ein kollega av han har samla kvart einaste dikt.

- Viss han skulle kopiert opp alle til meg, så hadde han sannsynlegvis gått av med pensjon før han blei ferdig, seier han.

Rasmussen er ofte samfunnskritisk i dikta.

- Det som irriterer meg mest, er korleis vi ikkje i dette landet greier å få sjukehusa på fote. At det skal handle om mangel på pengar, når vi har 3000 milliardar kroner på bok.

Sjølv om han no passerer 2000 dikt, kjem han ikkje til å gje seg.

- Eg trur ikkje eg kan gi meg, for skrivinga kjem alltid til å vere i meg. Kall det gjerne galskap, men eg kjem til å halde fram.

Gustav Rasmussen

Gustav Rasmussen har 3000 lesarar kvar dag. Men han manglar Kjell Inge Røkke...