Hopp til innhold

Mopedførar til sjukehus etter kollisjon i Bergen

Ein bil og ein moped har kollidert på Fanafjellet i Bergen. Mopedisten er send til Haukeland.

Trafikkulykke på Fanafjellet

ULUKKE: Trafikkulukke på Fanafjellet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Vi har fått melding om at ulukka er alvorleg og at mopedføraren er skada, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Omfanget av skadane til mopedføraren er ikkje kjend. Både ambulanse og luftambulanse er sendt til staden.

Ifølge 110-sentralen i Vest er det totalt to personar involvert i ulukka, som blei meldt klokka 11.21.

ULUKKE: Ein bil og ein motorsykkel har kollidert på Fanafjellet i Bergen.

Sendt til sjukehus

Like før klokka 12.00 fortel politiet at mopedføraren er sendt til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse.

– Personen var vaken og medviten då vedkommande vart frakta vekk. No snakkar vi med andre involverte og vitne på staden for å få klarlagt korleis ulukka skjedde, seier Algrøy.

Ulukka skal ifølge naudetatane har skjedd på bysida av Fanafjellet, i svingane opp mot toppen (sjå kart).

Fv5158 mellom Fana i Bergen blei stengd etter ulukka, og trafikk stod i begge retningar. Klokka 12.44 var vegen open att.

Politiet skriv at ut frå opplysingane på staden, verker det som at mopedførar ikkje har klart å halde sida si i ein sving. Vedkommande kom då over i feil køyrefelt og køyrd inn i motgåande bil.

Politiet etterforskar ulukka vidare.