Hopp til innhold

Moods til moteveka

Ein av få norske moteskaparar som torer å satse.

Moods of Norway opnar butikk på Flø.
Foto: Eirik Knudsen//Cockpit Studio

Når Oslo Fashion Week startar i februar, blir det med eit svært redusert frammøte.

Moteskaparane frå Stryn Moods of Norway derimot er blant dei få profilerte norske moteskaparane som torer å satse på moteveka, skriv avisa dagens Næringsliv.

Til saman skal 14 designerar ha visning. Det er åtte færre enn i fjor og 16 færre enn toppåret 2007.

Fråveret av sponsorar, innkjøparar og internasjonal presse skal vere blant årsakene til den dårlege oppslutnaden om moteveka.