Hopp til innhold

Moods-båt sette familiebåt i fare

Den rosa Moods of Norway- båten kunne drege med seg ein fritidsbåt då den gjekk ned ved Fisketorget i Bergen.

Video MOODSBÅTEN SANK VED KAI

Den knall, rosa båten til kleskjeda Moods of Norway byrja å søkke ved Fisketorget i Bergen tysdag føremiddag. Ein fritidsbåt med ein barnefamilie ombord var fortøyd i den rosa båten.

- Eg kom gåande langs kaien, og såg at den rosa båten låg litt skeivt. Eg gav beskjed og fekk nokon til å kutta fortøyinga til fritidsbåten. Det gjekk veldig fort, seier augevitne Tor Arne Bua.

Det tok berre fire-fem minutt før Bua gav beskjed til Moods of Norway-båten låg under vatn. Barnefamilien i nabobåten slapp med skrekken.

- Det var dramatisk, for dei måtte vera snøgge å kutta fortøyingen til fritidsbåten. I tillegg reagerer du ekstra kraftig sidan det var born ombord i fritidsbåten, fortel Bua.

Moods-båten synk

PROBLEM: Moods of Norway-båten har også tidlegare hatt problem.

Foto: Linda Ekeland / NRK

Kjær båt

Politiet fekk melding om at båten var i ferd med å søkke klokka 11.48 tysdag føremiddag.

- Båten lak olje eller drivstoff eller begge deler etter at den gjekk ned. Havnevesenet la såleis ut lenser på staden like etterpå, sa NRK sin reporter på staden.

Ingen veit kvifor båten, som skulle brukast til promotering av klesselskapet, gjekk under.

Ifylgje NRK-reporteren på staden synest representantar frå Moods of Norway at hendinga er svært trist og at dei har vorte veldig glade i den spesielle båten. Klesselskapet har reist rundt i Noreg med båten.

Båten har tidlegare vore trøbbel, då den heldt på å søkkje i Stavanger. .

Vil ha han opp

Heile tysdag har gått med til å prøva å heva båten, utan resultat. Klokka 20.30 held dei framleis på på staden.

Den fyste krana dei brukte var ikkje god nok, båten vart for tung. Dermed måtte dei til med ei mobilkran frå kaia.

– Vi trur vi får det til no. Alt ser ut til å gå bra, seier brigadeleiar i Bergen brannvesen, Frode Bruknapp til NRK.no tysdag kveld.

Moods of Norway båten

Tysdag kveld held dei fortsatt på med å heva båten. Den fyste krana dei bruka var ikkje lang nok.

Foto: Alrik Velsvik / NRK