Ein bonde i Luster har allereie spreidd møka si på beiteområdet til kyrne. Dette gjorde han før det var oppdaga tilfelle av paratuberkulose på ein gard i Sogndal. I ettertid viser det seg at bonden i Luster har dyr som stammar frå den smitta buskapen i Sogndalsdalen.
Men han er ikkje åleine. Omlag 30 bønder, av desse 22 her i fylket, har kjøpt dyr frå den smitta buskapen i Sogndal.
No er desse gardsbruka bandlagde. Det inneber blant anna at dei ikkje får spreie møk og kyrne får ikkje gå på fellesbeite i denne perioden.
No kan det altså vise seg at sjukdomen vart oppdaga litt for seint.Hermansen utelukkar ikkje at fleire av bøndene, som no er pålagt restriksjonar, kan ha spreidd møka si. Og dersom det er tilfelle, vil dei aktuelle gardsbruka bli pålagt ytterlegare restriksjonar.