Paratuberkulose frå geit Storfebuskapen som er smitta av den dødelege dyresjukdomen paratuberkulose i Sogndalsdalen er mest truleg smitta frå geit i området.
Sju gardar må slakte dyr Førebels må sju gardar i Sogn og Fjordane slakte dyr som er kjøpte inn frå, eller er avkom av dyr frå garden i Sogndal, der det er påvist paratuberkulose. I tillegg må nokre få gardar til kanskje slakte dyr.
Møk med smittestoff kan vere spreid Møk frå nokre av dei 30 bandlagde gardsbruka har allereie kome ut på bøane. Dette vart gjort før tilfellet av den dødelege dyresjukdomen paratuberkulose vart oppdaga på ein gard i Sogndalsdalen tidlegare i april. Distriktsveterinær i Luster, Olav Hermansen, seier dette er uheldig, for då kan smittestoffet allereie vere spreidd.
– Smitten var eit sjokk Den dødelege dyresjukdommen paratuberkulose er altså påvist i ein storfebuskap i Sogndal. Bonde Inge Rolf Torstad seier det kom som eit sjokk at hans dyr var smitta. 30 gardsbruk, hovudsakleg i Sogn og Fjordane, blir no bandlagde.