Hopp til innhold

Fylkets største mjølkeprodusent

Etter ei investering på 12 millionar er Sverre Leikanger fylkets største mjølkeprodusent. Og større skal han bli.

Sverre Leikanger

BONDE PÅ STAD: Sverre Leikanger er ikkje som andre bønder. Han satsar no fleire millionar i ei næring som slit med nedlegging.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På Stad har den 27 år gamle bonden saman med kona investert store summar og timar med arbeid. Han skal bevise at det er mogleg å drive med mjølkeproduksjon.

– Det er kjekt når ein får til ting andre ikkje har tru på! Desto fleire som ikkje trur eg klarer det, desto meir moro. Eg er sikker på at dette skal gå bra, seier Leikanger.

Vil verte enda større

Mjølkekvota på 400 000 liter mjøl er ikkje nok. Måndag startar bonden opp ein ny samdriftsfjøs som Leikanger skal drive saman med Jarle Teige. Då vil kvote kunne auke til 600 000 liter.

I tillegg ser dei to føre seg å drive med husdyrhald. For å drive maksimalt må dei forvalte 1200 mål dyrkamark, men bonden fryktar ikkje at det vert for mykje arbeid.

– Eg ville ikkje bytt arbeid med nokon. Det har vel med interesse å gjere.

Det var ingen sjølvfølge at han skulle starte opp som bonde. Eigentleg hadde Leikanger tenkt å verte fiskar, men ein sommar på bruket Drage skulle gjere heilomvending på planane hans.

– Eg dreiv med rundballing den sommaren og kom over denne garden på Drage som eg såg potensiale i. Derifrå balla det på seg kan du seie, ler Leikanger.

Kua Beate

PÅ GRAS: Det vert mange kyr av dette kaliberet i fjøsen til Sverre Leikanger

Foto: Geno.no

Går mot straumen

Det er ei uvanleg investering han har gjort. Berre dei siste sju åra har talet på mjølkeleverandørar gått ned med 600 i fylket.

Det gler Merete Støfring i Sogn og Fjordane Bondelag at nokon tør å gjere det motsette.

– Det er viktig for verdiskapinga, men og for kulturlandskapet langs kysten at bønder som Leikanger vågar å satse. Skulle berre ynskje at det var enda fleire som gjorde det, seier Støfring.

Fleire store planar

Og den ambisiøse bonden har fleire planar. Nye teikningar for ein grisefjøs er allereie på plass, men til no har den fjøsen møtt litt motstand.

– Det spørs om eg ikkje må satse på noko tobeint istaden, gliser Leikanger.