Hopp til innhold

Mjølk over heile landet

Tine endrar bruken av nynorsk og bokmål på all emballasje.

Melk

Mjølkekartongane vert no identiske i heile landet.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

Det vil ikkje lenger vere slik at nynorskkommunar får levert alle meieriprodukt med nynorsk tekst.

Førre veke var det stor debatt omkring planane frå Tine om å endre bruken av nynorsk og bokmål på mjølkekartongane. Noregs Mållag var uroa for at nynorsken no berre skulle verte nytta på mindre populære meieriprodukt, som til dømes surmjølk.

Lik emballasje i heile landet

Tine har i dag vedteke at ein av søtmjølksvariantane til ei kvar tid vil ha nynorsk tekst, over heile landet. I tillegg vil det verte nytta nynorsk på all kulturmjølk.

Skilnaden mot tidlegare vil vere at alle produkt no får lik emballasje over heile landet. Med andre ord vil ein i alle butikkar finne nokre meierivarer med produkttekst på nynorsk, og nokre på bokmål.

Resultatet vert dermed at enkelte fylke vil få mindre nynorsk enn tidlegare, medan det samla sett vert om lag ei dobling av nynorskbruken i Tine.