Hopp til innhold

Mistenkjer at ulovleg salsbu sel utanlandske morellar som norske

Mystiske morellar langs vegen har fått fylkeskommunen til å reagera. – Det som blir selt langs vegen skal vera kortreist vare, seier fruktbonde Harald Alvavoll.

Det som mogelegvis er ulovleg morellsal i Kvinnherad

5 ERO: For 50 kroner, eventuelt 5 «ero» kan ein handla morellar langs fylkesveg 500 i Kvinnherad.

Foto: Vestland fylkeskommune

Fylkeskommunen meiner minst tre ting skurrar med denne salsbua i Kvinnherad.

  • Det er berre kontantbetaling.
  • Det er ingen informasjon om kven som sel morellane.
  • Og det er ikkje sesong for norske morellar enno.

Fylkeskommunen varsla tysdag politiet om salsbua som står ved Furebergsfossen langs fylkesveg 500 i Kvinnherad.

– Bua er ulovleg, seier Guri Finne Sognnæs, overingeniør i Vestland fylkeskommune.

Salsbod for moreller

Under den rosa parasollen står to kassar det står «Turkish cherries» på og ein boks ein kan betala både i euro og kroner i.

Foto: Vestland Fylkeskommune

Det er fyrst og fremst fordi det ikkje er søkt om løyve til å setja opp bua.

Ifølgje fylkeskommunen er det veglova §57, eventuelt §33, som ikkje blir stetta i denne saka.

Kort fortalt betyr det at ein må ha løyve frå vegeigar, i dette tilfellet fylkeskommunen, for å selja frukt og bær langs vegen.

– Me kjem til å fjerna bua. Me har ikkje fått inn nokon søknad, seier Sognnæs.

Ho peikar på at dei ikkje har moglegheit til å kontakta dei som har sett opp bua for å oppmoda dei om søkja på lovleg vis.

Håpar det er ungar som har sett ho opp

– Det er mykje skadar på desse morellane. Dette er ikkje noko salsvare, seier Harald Alvavoll når han ser bilete av morellane.

Han er fruktbonde på Lofthus i nabokommunen Ullensvang.

Ifølgje Alvavoll er det enno rundt ei veke til dei norske morellane frå Hardanger er klare for sal langs vegane.

Men sjølv om det står «Turkish cherries» på boksen, minner han om at det kan vera norske morellar frå drivhus eller veksttunnelar.

– Om ein skal lata tvilen koma den tiltalte til gode i dette tilfellet, seier han.

Harald Alvavoll

Harald Alvavoll frå Lofthus i Ullensvang er med i ei samdrift som vonar å hausta 10 tonn morellar i år.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Alvavoll lanserer òg teorien om at det kan vera ein slags protestaksjon mot at mange matvarer i butikkar er dårleg merka med opphavsland.

Men om det er utanlandske morellar som blir selde utan merking langs vegen, kva tenkjer du om det?

– Då må det iallfall merkast godt. Generelt er det unødvendig, seier Alvavoll.

Han peikar på at det som blir selt langs vegen skal vera ei kortreist vare.

Han samanliknar det med eit år det er lite eple, der ein importerer eple for å laga hardangersider.

– Det er ikkje lov, seier Alvavoll. Han håpar det er ungar som prøver å laga seg ein sommarjobb som har sett opp bua.

– Men er dette vaksne lurifaksar, må dei få seg ei lita skjennepreike, seier fruktbonden.

Moreller i tunneler med utsikt over Lofthus.

Fordi det har vore ein litt kald vår, er morellsesongen litt sein i Hardanger i år. Det blir heller ikkje ein middels god morellsesong i år, anslår Alvavoll.

Foto: Tale Hauso / NRK

Politiet avventar å gjera noko

Fungerande politistasjonsleiar Torgeir Fosse i politiet i Kvinnherad stadfestar at dei i dag har fått melding om salsbua med dei mistenkte utanlandske morellane.

– Me gjer ikkje noko utover å registrera, så får me sjå om det kjem meir opplysningar, seier Fosse.

Han er ikkje vand med å bli varsla om mystiske morellar.

– Dette trur eg er fyrste gongen me får melding om noko slikt, seier Fosse.

Han har snart jobba i politiet i 30 år.

Fosse set likevel pris på at fylkeskommunen har gitt dei beskjed.

– Dei har varsla oss om at dei kjem til å fjerna desse gjenstandane som står på deira eigedom. Det synest eg er heilt greitt, i tilfelle dei som eig dette tek kontakt med oss.

NRK har kontakta politiet i Hardanger, Kvam, Samnanger og Tysnes. Dei opplyser at dei ikkje har høyrt om liknande sal av morellar i deira distrikt.