Hopp til innhold

Mista 800 liter såpe frå lastebil

Ein lastebil har mista delar av lasta si på riksveg 5 ved Brandsøy i Flora kommune.

Mista last

RAMLA AV: Det er uvisst kva som er årsaka til at 800 liter såpe fall av ein lastebil på riksveg 5 torsdag føremiddag.

Foto: Henrik Agledal / Firdaposten

– Vi fekk klokka 11.16 melding om at ein lastebil hadde mista lasta si i krysset på riksveg 5 og Brandsøyvegen, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Hans Petter Harlem.

Det var ein del trafikk i området då ulykka skjedde, men til alt hell var det ingen som vart skadde.

– Politi og brannvesen er på staden, og det er framkommeleg fordi vi har manuell dirigering på staden, seier Harlem.

Ikkje fare for eksplosjon

– Vi har fått opplyst at det som har ramla av lastebilen, er ein type såpe. Det skal vere snakk om lag 800 liter. Det skal ikkje vere brann- eller eksplosjonsfare, eller anna helsefare knytt til uhellet, seier Harlem.

Brannvesenet tek seg av opprydding på staden.

– Så får politiet ta hand om det som går på sikring av last, seier Harlem.

Var fleire vitne

Det skal ha vore bilistar som såg kva som hende då lasta losna frå lastebilen.

– Det var vitne, og det var folk som kom til i same tidsrom som dette hende, seier Harlem.

Han understrekar at det til alt hell ikkje var nokon som vart trefte då såpedunken segla av lasteplanet.

– Nei, heldigvis ikkje, seier Harlem.

Det er førebels uklart kva som er årsaka til at lasta fall av traileren. Politiet er i gang med å undersøkje om lasta var forsvarleg sikra.