Hopp til innhold

Mista lappen i 80-sone

Bilføraren var for hard på gasspedalen. Ved Svidal i Jølster tok Utrykningspolitiet hand om førarkortet.

Utrykningspolitiet skreiv ut 26 forenkla førelegg då dei kontrollerte farten på bilistane gjennom Jølster søndag ettermiddag og kveld.

Den hastigaste av desse heldt 109 km/t. I tillegg vart ein bilist meld, og fekk førarkortet sitt beslaglagd for å ha køyrt i 122 km/t.

Førarkortet ryk som kjent ved 116 km/t.

Litt seinare på kvelden vart ein eldre rusen mannsperson køyrd heim etter melding om uro ved ein kafé i Førde sentrum. Denne saka blir etterforska ved Førde og Naustdal lensmannskontor.