Ordførar Arild Ingar Lægreid reknar med utgifter på ein million kroner, og Årdal har ei stor utfordring etter det ekstreme regnveret måndag. Rett nok må kommunen neppe dekke heile rekninga sjølv, men mot slutten av året er det ikkje mykje pengar att til å rydde opp i desse skadene. Det fører til at fleire kommunar må kutte i andre utgifter, og somme risikerer store underskot.
Riksveg 53 Øvre Årdal - Årdalstangen vart stengd av ras. Foto: Jon Inge Øvrebø
Årdal ikkje åleine
Og Årdal er ikkje åleine om store ekstrautgifter. Førde kommune reknar med at dei må punge ut med minst 80.000 kroner, men enno er det ikkje sett tal på utgiftene knytt til skadene i Angedalen. Også i Naustdal og Jølster kjem kostnadane frå uveret opp imot 100.000 kroner. Men førebels er det litt tidleg å seie kva økonomiske konsekvensar dette vil ha for kommunane.