Hopp til innhold

Millionerstatning til Førde-dykkar

Magn Håkon Muledal fekk varige helseplager etter pionerdykking i Nordsjøen. No får han over tre millionar i erstatning.

Magn Håkon Muledal
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Det er første gong at Nordsjø-dykkarar vinn fram med søksmål mot Staten.

Må ut med 30 millionar

Det var fire dykkarar som saksøkte staten, og tre av dei vann fram i rettsaka. Totalt må staten ut med nærmare 30 millionar til dei tre personane. 

Dei fire dykkarane deltok i djupvassdykking og andre dykkeroperasjonar i Nordsjøen i perioden som blir kalla pionertida for norsk oljeindustri.

Dykking med stor rissiko

Advokatane for dei fire, Erik Johnsrud og Eivind Ludvigsen, la under rettssaka vesentleg vekt på å vise at staten utsette pionerdykkarane i Nordsjøen for stor risiko.

Muledal var yrkesdykkar frå 1978. Men i 1989 måtte han gje frå seg dykkarsertifikatet på dagen etter at han fekk ein alvorleg lungesjukdom. Sidan då har han vore delvis arbeidsufør. Dei tidlegare dykkarane meiner lovverket ikkje var godt nok, og at dei ikkje vart tekne vare på i den farlege jobben.

Vurderer anke

Regjeringa vurderer no om dei vil anke dommen. Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen, vil ikkje kommentere dommen før han har sett nærare på avgjerda i tingretten.

Fleire tidlegare Nordsjø-dykkarar har varsla at dei vil saksøkje staten dersom dykkarane vann fram i denne saka.