Hopp til innhold

Slo alarm om forfall i 1995: Emma vart vaksen utan at noko skjedde

Då Emma vart født vart det slått alarm om eit veksande kommunalt vedlikehaldsetterslep i Bergen. I år fyller ho 18 utan at politikarane har rydda opp.

Forfall i Bergensskolene med Emma Robson (18)

EIT LIV MED FORFALL: Då Emma vart født kom rapporten om eit vedlikaldsetterslep på 90 millionar kroner. No er ho 18, og etterslepet har vakse til milliardar.

Foto: Montasje

– Det er jo absurd og nesten sjokkerande, utbryt Emma Robson, når ho får høyra om rapporten bypolitikarane i Bergen fekk i hendene det året ho vart født.

I den 30 siders lange rapporten frå 1995 vart det slått fast at kommunen hadde skaffa seg ei vedlikehaldsetterslep på 90 millionar kroner. Om ikkje vedlikehaldsbudsjettet vart kraftig oppjustert ville etterslepet berre auka.

Rapporten, som vart utarbeidd med fagleg hjelp frå SINTEF, peikte på at vedlikehaldsetterslepet «kan påføra samfunnet, kommunen og den enkelte store tap i samband med lågare arbeidseffektivitet, auka sjukefråvær og i verste fall personskadar».

Same året vart altså Emma Robson født. Sidan den gongen har Bergen hatt fem ulike ordførarar, etter kvart to ulike byrådsleiarar, sju ulike skulebyrådar og seks ulike finansbyrådar.

Dei har aldri tatt grep for å stoppa forfallet. No lovar Høgre-byrådet å rydda opp. Men det er ikkje første gongen skiftande politiske fleirtal har lova nettopp det.

Sopp i veggane

Emma Robson har dei same åra fullført heile grunnskulen i kommunale bergensskular. Som elev på Varden skole, som i 2012 delvis vart stengd, opplevde ho sjølv at ikkje alt var slik det skulle vera.

– Eg hugsar allereie dei første åra på barneskulen at det stod dårleg til med inneklimaet, det var mykje snakk om at det var sopp i veggane, seier Emma.

Torsdag denne veka offentleggjorde finansbyråd Liv Røssland frå Frp at kommunen skal få på plass ein heilskapleg plan for vedlikehaldsetterslepet for alle dei kommunale bygga i kommunen. Det er ti år sidan sist kommunen har skaffa seg eit slikt oversyn.

Byrådet vedgår no at det årlege veflikehaldsbudsjettet bør aukast til 335 kroner per kvadratmeter, frå 178 i dag. Men dette er det som skal til for å halda ved like, ikkje ta att etterslepet.

– Dette gjer me fordi dei folkevalde som kjem etter oss, ikkje skal komma i same situasjon som oss, sa Røssland, som sitt med det politiske ansvaret for dei kommunale bygga.

I løpet av dei to neste åra lovar Røssland at kommunen skal gå igjennom situasjonen for alle bygga kommunen eig. Før valet i 2015 skal det vera på plass tilstandsrapportar for alle dei kommunale bygga.

Skoleforfall på Landås

MILLIARDFORFALL: Møhlenpris skule er eit av mange kommunale bygg i Bergen som er prega av slitasje. No skal skulen totalrenoverast.

Skrekklista

Sidan 1995, altså sidan Emma vart født, har Bergen kommune ei rekkje gongar skaffa seg liknande oversikter. Men skrekkrapportane har ikkje ført til noko krafttak for å kvitta seg med vedlikehaldsetterslepet ved skular, barnehagar og sjukeheimar.

Landås skole i Bergen

RIVAST: Landås skule skal rivast og byggast opp på nytt. 11,8 millionar kroner for riving, nybygget skal etter planen reisast som OPS-prosjekt.

Foto: NRK
Bergen rådhus

SMULDRAR OPP: Betongfasaden på det 51,2 meter høye rådhuset i Bergen er blant dei kommunale bygga som treng rehabilitering.

Foto: Alrik Velsvik/NRK

Slik har etterslepet utvikla seg ifølgje kommunen sine eigne rapportar.

  • 1995: Vedlikehaldsetterslep på 90 millionar
  • 2001: Vedlikehaldsetterslep på 530 millionar (Skulebygg: 330 millionar)
  • 2003: Vedlikehaldsetterslep på 587 millionar (Skulebygg: 383 millionar)
  • 2013: Det er avdekka eit vedlikehaldsbehov berre ved skulebygga på 2,5 milliardar. Dette talet vil etter alt å dømma stiga ytterlegare når fleire bygg vert kontrollerte.

Sidan 2003 har Høgre og Monica Mæland styrt Bergen. Sidan 2007 har Liv Røssland og Framstegspartiet vore ein del av byrådet.

– Det er ingen tvil om at det ikkje har vore nok fokus på vedlikehald. No skal me sikra at dette ikkje skal skje igjen, seier Røssland.

Protokollen til Bergen bystyre viser tydeleg at Røssland har vore klar over situasjonen lenge. I 2001 fremja ho følgjande forslag i bystyret. Den gong som opposisjonspolitikar:

«Bystyret viser til det betydelege gapet som har oppstått mellom løyvde ressursar og dokumenterte behov for å halda ved like kommunen sin bygningsmasse og ønskjer derfor at løyving til normalt vedlikehald vert auka(...)»

Etter 12 år, halvparten med Røssland og Frp i byregjeringa, er gapet altså større enn nokon gong.

Byrådet har budsjettert med å henta inn vel 2,1 milliardar i økonomiplanen for dei kommande åra. Også i 2001 la det Ap-dominerte byrådet opp til ein opptrappingsplan. Den gongen vart redningsaksjonen avblåst etterkvart som kommuneøkonomien forverra seg.

Les óg: Lar rådhuset smuldre opp i 3-5 år

Liv Røssland og Ragnhild Stolt-Nielsen

- ME TAR GREP: Liv Røssland (til venstre) og Ragnhild Stolt-Nielsen presenterte oppdaterte planar for 13 bergensskular torsdag. Prislappen for forfallet er oppe i 2,5 milliardar kroner.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Me tar grep

Fungerande skulebyråd Ragnhild Stolt-Nielsen frå Høgre er òg tydeleg på at politikarane i byen har forsømt vedlikehaldet.

– Eg er glad for at me no får denne oversikta som handlar om alle kommunale bygg. Dette har vore ei forsøming frå tidlegare politikarar. Me tar grep, seier den vikarierande skulebyråden.

Men Høgre har styrt Bergen i ti år. Er det ikkje då det sitjande byrådet som har forsømt dette?

– Nei, eg vil ikkje seia det, me viser med dette at me tek ansvar, seier Stolt-Nielsen.

– Føler avmakt

– Du må nok vera Høgre-byråd i Bergen for å hevda dette, seier Oddny Miljeteig som er SV sin gruppeleiar i Bergen bystyre.

Oddny Miljeteig

KRITIKKVERDIG: Oddny Miljeteig seier ho føler avmakt når ho veit kor lite som er gjort med dei kommunale bygga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Opposisjonspolitikaren meiner det er kritikkverdig at det er meir enn ti år sidan sist bystyret skaffa seg ein oversikt over det totale etterslepet. Sjølv om ho går med på at alle i bystyret må dela på ansvaret for vedlikehaldssituasjonen, meiner ho at høgrebyrådet vanskeleg kan vri seg unna.

– Gjennom heile 2000-talet fekk me politikarar sjå korleis situasjonen var mellom anna ved skulane. Eg føler avmakt når ein veit kor lite som er gjort, seier Miljeteig.

– Vanskeleg å forstå

– I dag går jo veslebroren min på Varden, eg har høyrd at det er ganske ille der, seier Emma Robsen.

Når Bergen kommune har på plass tilstandsrapportar frå alle dei kommunale bygga har ho snart fylt 20. Ho kan ikkje forstå at politikarane i Bergen har vore klar over den galopperande vedlikehaldssituasjonen sidan ho vart født, utan å ta grep.

– Det er jo absurd at det kan gå så langt. Eg kan ikkje forstå kvifor politikarane ikkje har gjort noko med dette, seier Robson.

Hausten 2015 kan Robson røysta ved eit lokalval i Bergen for første gong. Då vil ho kunna vita kor stort vedlikehaldsgapet i kommunen faktisk er.