Hopp til innhold

MGP-sirkuset på veg til Florø?

Florø er ein av ytterst få byar som no er med i kampen om Melodi Grand Prix delfinalen 22. januar neste år.

Marte Stokstad og Per Sundnes på scenen i Sarpsborg

Marte Stokstad og Per Sundnes under 'Sistesjansen' i Sarpsborg i fjor. Kanskje står Florø for tur 22. januar 2011?

Foto: Patrik Eian Fjeldstad / NRK

- Vi har fått beskjed om at vi kjempar mot ein by, men at vi ligg best an og har kome lengst med planlegginga, seier Per Øyvind Helle i eventselskapet «Hipp, Hipp Flora».

- Vil gjerne til Florø

MGP-sjef Dag Hvaring i Dinamo Story, som står bak produksjonen til NRK, stadfestar at Florø er ein av få byar som er aktuelle for delfinale 22. januar.

Selskapet ynskjer seg til fleire delar av landet. At Florø er ein vestlandsby talar difor til fordel for Helle & co.

- Vi vil gjerne dit. Det er ein flott by og eit flott område, men endeleg avgjerd blir først om nokre veker, seier han.

Tungvint og kostbart

Hvaring seier infrastruktur og dugnadsande i heile regionen er mellom kriteria dei legg til grunn når dei fordeler delfinalane. Dersom Florø får den andre delfinalen neste år, blir det den einaste nye byen i høve 2010-finalane.

Etter det NRK kjenner til står delfinalen 22. januar mellom tre byar.

- Det einaste vi opplev som negativt er at det er litt tungvint og meir kostbart å kome dit. Men landar vi på Florø, så skal vi nok få ei løysing på det, seier direktør Odd Arvid Strømstad i Dinamo Story.

Merkeprofilering

I Flora meiner Helle at ein delfinale i Sogn og Fjordane vil vere ein glitrande måte å marknadsføre fylket på.

Han vonar difor at både sponsorar, fylkeskommune og kommunar blir med på å dra lasset. Arrangørane i Florø arbeider med eit budsjett på 3,5 millionar kroner.

- MGP-delfinale i Florø er den type kulturelt fyrtårn vi treng som arena for merkeprofilering av fylket vårt; vitalt, friskt og folkerikt, seier Helle.

Kultur heile veka

- Det er eit Sogn og Fjordane arrangement. Og det er meir enn ei direktesending. Det er kultur heile veka før delfinalen, seier han og nemner mellom anna MGP Lokal som er eit Grand Prix for born og unge mellom 11 og 18 år.

Er ein først komen inn i MGP-sirkuset, så kan det fort gå mot både ein, to og tre delfinalar. Bodø har vore med fem år, men er førebels ikkje på programmet i 2011.