Hopp til innhold

Melvær opnar for å stille på topp

Askvoll-ordførar Frida Melvær opnar for likevel å stille på topp på neste års stortingsvalliste for Sogn og Fjordane Høgre.

Frida Melvær på talarstolen

STORTINGSPLASS: Frida Melvær er i dag ordførar i Askvoll. Neste haust kan ho kome til å toppe stortingsvallista til Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Det skjer etter at noverande stortingsrepresentant, Bjørn Lødemel frå Hornindal, direkte på NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending varsla at han ikkje vil stå i vegen for andre kandidatar.

Han understrekar at han framleis vil ha førsteplassen, men i frykt for ein rotete nominasjonsprosess legg han no vegen open for kandidatar som Frida Melvær og Sven Flo. Dei to har til no sagt at dei ikkje vil utfordre Lødemel om førsteplassen.

Lødemel gir dei no lov til det.

– Eg har veldig lyst på stortingsplassen. Det skal det ikkje vere tvil om. Men det blir uryddig at eg skal blokkere for Frida og Sven om dei ønskjer å kjempe om plassar, seier Lødemel til NRK.no måndag ettermiddag.

Mange vil ha ho, men ho ville ikkje

Lokallaga i Sogn og Fjordane Høgre har levert sine forslag til kven som bør stå på partiet si stortingsvalliste neste haust.

Der siglar Bjørn Lødemel og Frida Melvær opp som nesten likestilte førstekandidatar.

Men sjølv om mange vil ha ho, var Melvær i helga tydeleg på at ho ikkje vil stille mot Lødemel.

Bjørn Lødemel

VIL IKKJE TRE TIL SIDE: Bjørn Lødemel vil gjerne sitje på Stortinget for Sogn og Fjordane Høgre ein periode til.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ber dei køyre på

Lødemel på si side ville bruke helga på å ta stillinga til lokallaga sine innspel. Måndag ettermiddag hadde Høgre-politikaren frå Hornindal fått oversikt.

– Det er elleve lokallag som har sett meg på topp. Det betyr at nesten halvparten av lokallaga ønskjer meg på topp. For den vidare nominasjonsprosessen er det inspirerande og positivt for meg.

Samtidig registrerer han at både Frida Melvær og Stryn-ordførar Sven Flo, har blitt plassert på toppen av lista av fleire lokallag. Lødemel skildrar begge som dyktige politikarar.

– Eg er takksam for den støtta dei har gitt meg, ved at dei ikkje har ønska å ta ein kamp med meg. I respekt for lokallaga, og Frida og Sven, ønskjer eg at dei skal køyre på for dei posisjonane dei ønskjer.

– Så du trer ikkje til side, men inviterer dei til å kjempe mot deg om førsteplassen?

– Ja, eg meiner vi skal ha ein open og ærleg kamp om plassane. Det meiner eg vi tener på, seier Lødemel og presiserer at det viktigaste for han er at Sogn og Fjordane Høgre får halde på sitt mandat.

Vil ta innspela på alvor

Frida Melvær var måndag ettermiddag ikkje overraska over tonane frå Lødemel.

– Vi har hatt ein veldig open og ærleg tone, særleg den siste veka, seier ho.
Med bakgrunn i dei innspela som har kome frå lokallaga så ville det vere feil å sette nominasjonsnemnda og nominasjonsmøtet i den situasjonen at dei ikkje fritt kan føreslå kandidatar. Eg har meldt ifrå til nominasjonsnemnda at dei kan plassere meg der eg høyrer heim.

– Har det endra seg no, etter at Lødemel eksplisitt har sagt at det er fritt fram å stille til førsteplassen?

– Eg og Lødemel har som sagt hatt ein open og ærleg prat om situasjonen. Innspela frå lokallaga må vi ta på alvor, det må eg også gjere. Den bindinga eg har lagt på meg sjølv, den hevar vi no.

– Betyr det i praksis at du vil kjempe for førsteplassen?

– Eg har stilt meg open til å ta den plassen som nominasjonsnemnda og nominasjonsmøtet meiner eg skal ha.