Mellombels stopp for ekstraferja

Bilferja som er sett opp mellom Vik og Vangsnes stoppar mellombels opp. Vegtrafikksentralen opplyser om at Det må gjerast arbeid for å tilpasse ferjekaia. Det er foreløpig usikkert om det blir fleire avgangar med bilferja onsdag, men den skal vere tilbake i rute frå torsdag morgon.