Hopp til innhold

Kjempa mot flammane i timevis - endeleg har dei kontroll

Brannvesenet har kontroll på brannen i byfjella i Bergen. Politiet har arrestert ein person, mistenkt for å ha tent på.

SISTE: Brannvesenet melder klokken 02 at de har slukka den siste brannen, i Jordalen. Politiet har arrestert ein person i samband med brannane.

– Vi arresterte ein person inst inne i Selviken. Han var gjennomsveitt og litt ute av seg. Vi har tatt vare på han, seier politiets operasjonsleiar Morten Kronen klokka 18.50.

Politiet vurderar om dei kan ta avhøyr av personen. Han vil deretter bli frakta til sjukehus. Ingen fleire brannar har oppstått etter at personen vart arrestert.

Brannvesenet har ikkje kontroll på brannen i byfjella i Bergen.

SJÅ VIDEO: Over 20 brannfolk var i sving for å sløkkja brannen på Stangelifjellet i Bergen.

Fleire brannar i byfjella

Det kom ved 16-tida tysdag fleire meldingar om observasjon av røyk i områda ved Vikinghytten, Vareggen og Storesåta på byfjella i Bergen.

Ei av dei første meldinga om røykutviklinga kom til politiet, frå ein flygar på eit Widerøe-fly.

– Det var meldt om mykje røyk i åskammen ved Rundemanen frå dei. Vi har også observert flammar, sa Morten Kronen til NRK.

– Det er framleis litt uklårt nøyaktig kor dette er, men vi jobbar med å få meir oversyn over området, sa vaktkommandør Arne Korneliussen ved 110-sentralen.

Laster Twitter-innhold

Den største brannen oppsto i området Hjortlandsdalen - Jordalsskaret. Grunna den vanskelege tilkomsta måtte brannmannskapa låna ein firehjuling og bruka lyngpiskar for å slukka brannen.

– Mannskap melder frå om at det har tatt fyr fleire stader rundt dei, og at det ikkje harmonerer med vindretninga, skriev politiet på Twitter like etter.

Brannvesenet har ikkje kontroll på brannen på Stangelifjellet i Bergen. Politiet har arrestert ein person i samband med brannen.

SJÅ VIDEO: Området som brenn i terrenget mellom Hjortlandsdalen og Vinddalen er på kring 1000 kvadratmeter.

Jakta mogleg brannstiftar

Etter kvart stadfesta operasjonsleiar Morten Kronen at dei leita etter ein mogleg brannstiftar i terrenget.

– Vi har sendt opp hundepatruljen for å spore opp vedkommande. Då kan vi få stadfesta eller avkrefta at det er ein person som går der oppe og startar brannar, sa Kronen.

Klokka 18.20 melde politiet at ein person var arrestert i samband med brannane.

– Område på 1000 kvadratmeter

Det var ikkje fare for at brannane skulle spreie seg til busetnad.

Medan dei to andre brannane kom relativt raskt under kontroll, var det vanskelegare tilhøve på Stangelifjellet mellom Hjortlandsdalen og Jordalen.

– Det brenn i eit område på kring 1000 kvadratmeter. Så det er eit stort område, sa vaktkommandør Arne Corneliussen hjå 110-sentralen ved 18.45-tida.

Ein halvtime seinare ba dei om forsterkingar.

– Det er kome litt ut av kontroll. 25 mann er ute for å sløkkje, sa Corneliussen.

Mannskap frå Arna, Åsane og delar av Sandviken stasjon kjempa mot flammane, og brannvesenet brukte også eit fly for å få oversyn over situasjonen.

Klokka 20.55 blei den siste av brannane meldt sløkt på Stangelifjellet.

Det brenn fleire stader i terrenget mellom Jordalen og Rundemanen. Politiet leitar etter mogleg brannstiftar

SJÅ VIDEO: Politiet har arrestert ein mann etter brannane i terrenget opp mot byfjella.

brann stangelifjellet