Hopp til innhold

Mekanikar fekk jekk i ansiktet

Då jekken som sette akslingen i press glapp, small den rett i ansiktet til bilmekanikaren.

Arbeidsuhell ved Scania.

Ein 51 år gamal mann vart skadd i eit arbeidsuhell ved Scania i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Arbeidsuhellet skjedde i 09-tida under arbeid med ein tilhengar ved Scania i Førde. Ein 51 år gamal mann vart frakta til sentralsjukehuset i Førde.

- Han gjekk sjølv opp av smørjegrava, opplyser Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Jekken glapp

To ambulansar og politi rykte ut til staden då arbeidsuhellet vart meldt. Mannen arbeidde under ein tilhengar då uhellet skjedde. Ein jekk som vart nytta til å presse ein aksling bakover glapp, og small rett i ansiktet til mekanikaren.

- Vi har registrert dette som ein arbeidsskade, og har konferert med med Arbeidstilsynet om dei skal opp, seier Faleide.

Lettare skadd

Det er førebels uvisst om Arbeidstilsynet tek turen til Scania. Ifølgje politiet sin operasjonssentral i Florø skal ikkje mannen vere alvorleg skadd.

- Mannen er lettare skadd og er sendt til vanleg avdeling, får NRK opplyst ved AMK i 12.30-tida.