Hopp til innhold

Fleire mastekroner til Kvam og Granvin

Mastemillionane bør fordelast i forhold til meter med kraftlinjer i kommunane, meiner Hardangerrådet.

Video Hardanger-linje sett fra helikopter

Då luftspenn gjennom Hardanger vart vedtatt, lova regjeringa at dei råka kommunane skulle få 100 millionar kroner i kompensasjon.

I dag vedtok Hardangerrådet at 20 av dei 100 millionane bør gå til ein felles pott for alle kommunane.

- Dei 80 resterande millionane meinte eg først burde fordelast utifrå talet på mastepunkt i kommunen, men etter høyringsrunden har me no vedtatt at dei bør fordelast etter talet på meter kraftlinjer, seier Anved Johan Tveit, som leiar i Hardangerrådet.

Jan Ivar Rødland

Ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Granvin kommune vil få omlag 1,5 millionar kroner meir no når Hardangerrådet går inn for ei tilråding om utrekning utifrå meter kraftlinjer og ikkje mastepunkt.

Det er ordførar i Granvin, Jan Ivar Rødland, glad for.

- Eg er veldig glad, for me har heile tida meint at ein burde fordela midlane utifrå meter. Det er det mest rettferdige. Kronene skal vera med å avbøta på konsekvensane linja, og det er Kvam og Granvin, som saman med Ulvik er mest råka av dette, seier Rødland.