Hopp til innhold

Meir inntekter til Helse Førde

Helse Førde får 40 millionar kroner meir å rutte med i året etter at Helse Vest i dag vedtok ein ny inntektsmodell.

Styremøte i Helse Førde

FÅR MEIR INNTEKTER: Styret i Helse Førde.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Dette vedtaket gjer at Helse Førde får 40 millionar kroner meir, Helse Fonna 20 millionar meir, Helse Stavanger 67,6 millionar meir og Helse Bergen 68,1 millionar kroner mindre.

– Inntektsmodellen er eit kompromiss mellom føretaka der alle må gi litt. Dei som får ein nedgang i inntektsramma si med ny modell får difor ein periode på to år til omstilling. Det gjeld Helse Bergen i dette tilfellet, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest.

Den nye inntektsmodellen skal gjelde frå 2013.