Hopp til innhold

Meiner fjernstyrte dokker kan løyse mangel på sjukepleiarar

I 2035 vil Noreg mangle 30 000 sjukepleiarar, og for få praksisplassar er ein stor del av problemet. Nanna (20) øver på det som kan vera løysinga.

Nanna Sofie Fredheim

ØVE: Nanna Sofie Fredheim syns det er fint å kunne øve på dokker før ein går ut i praksis. I eit anna rom sit ein lærar og kontrollerer kva dokka skal seie.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Sjukepleiarstudenten Nanna Sofie Fredheim stryk ein pasient over armen.

– Korleis har du det, spør ho. Pasienten svarar at han har det greitt.

Rundt dei er det blinkande skjermar som viser pasienten sin hjarterytme og puls. Alt er akkurat som på eit sjukehus. Til og med lukta.

Men rommet dei står i er ein sjukepleiarlab på Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Og pasienten er ei dokke, styrt av ein lærar.

Dokker og sjukepleiarstudentar på Høgskulen på Vestlandet.

SAMARBEID: Kristina Dahl og Nanna Sofie Fredheim jobbar saman med å overvake og kople leidningar frå pasienten.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Øvingsarena

Sjukepleiarlaben er ein av fleire simuleringsrom som HVL brukar i undervisninga.

Her kan studentane øve på det dei skal kunne som sjukepleiarar, som sårbehandling, injeksjonar og førstehjelp.

Portrett Nanna Sofie Fredheim på HVL.
– Det er veldig fint å kunne øve her inne. Ein er trygg og ikkje like redd for å gjere feil slik ein kanskje er ute i praksis.

For snart skal ho ut i praksis igjen. Halvparten av utdanninga hennar skjer der, og ho må innom sjukeheim, heimesjukepleie og sjukehus før ho kan kalle seg sjukepleiar.

Eit stort behov

Men å finne praksisplass er ikkje alltid like enkelt, fortel dekan ved Høgskulen på Vestlandet, Randi Skår.

– Framtidige fysioterapeutar, vernepleiarar, legar og radiografar skal også i praksis. Det er avgrensa kor mange som kan vera på ei avdeling samtidig.

Ho meiner meir bruk av sjukepleiarlabar, dokker og simulering kan vera løysinga på problemet.

– Om ein kan erstatte delar av praksistida med å øve på prosedyrar og ferdigheiter på campus, vil det bli mykje enklare å få alle ut i praksis.

SimArena på Høgskulen på Vestlandet.

SOM PÅ EKTE: På sjukepleiarlaben ser det heilt likt ut som på eit sjukehus. Studentane må sjølv vurdere situasjonen ut ifrå kva informasjon dei får frå monitoren.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Europeiske reglar hindrar

Men å la Nanna eller nokre av dei andre sjukepleiarstudentane bruke meir tid på labben og mindre tid ute i praksis har verken HVL eller nokre andre universitet og høgskular lov til.

Ein regel frå EU slår fast at halvparten av studietida til sjukepleiarstudentar skal vera i praksis.

Leiar i sjukepleiarforbundet, Lill Sverresdatter Larsen, meiner regelen bør endrast.

– Om 13 år vil me mangle opp mot 30 000 sjukepleiarar i Noreg. Då må me sjå på alle moglege løysingar, også praksisordninga.

Lill Sverresdatter Larsen, leder i Norsk Sykepleierforbund

LØYSINGA: Lill Sverresdatter Larsen meiner meir ferdigheitstrening og simulering kan vera ein del av løysinga på sjukepleiarmangelen.

Foto: Halldor Asvall / NRK

– Ser fram til å møte folk

Larsen seier det er viktig at læreplassane har ordentleg teknologi og utstyr om praksisen skal bytast ut med meir tid på campus.

– Dei kan ikkje stikke hol på colaflasker eller appelsinar og kalle det praksis.

Men mister ikkje studentane viktig erfaring med pasientkontakt om dei berre skal øve på dokker?

– Jo, og difor er det veldig viktig med praksis ute på institusjonar også.

Nanna Sofie Fredheim på HVL meiner ho lærer mykje av å øve med utstyret på HVL. Likevel ser ho fram til å komme ut i praksis.

– Eg gler meg til å møte folk. Det er det som er kjekkast, seier ho.

Hei!

Er du interessert i helse og utdanning?

Sit du inne med ei sak som fleire burde få høyre om?

Ta kontakt med meg!