Hopp til innhold

Redningskøyte skaper strid: – Dette er ingen båt for Stadhavet

MÅLØY (NRK): Redningsskøyta som no skal vokte ei av dei mest vêrharde strekningane langs norskekysten, har berre halvparten av slepekapasiteten til forgjengaren.

Bergen Kreds

NY: Redningsskøyta «Bergen Kreds» skal vokte kysten rundt Stad dei komande åra.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Den gamle redningsskøyta «Halfdan Grieg» har blitt flytta frå Måløy til den nyoppretta stasjonen i Vardø.

På plass i Florø er redningsskøyta «Bergen Kreds». Men den har berre halv slepekraft samanlikna med den førre skøyta.

Det skapar uro hos fleire.

– Vi ønskjer ei redningsskøyte som minst har dei same kvalitetane som den som no får ifrå oss her, seier Jarl Magne Silden er styremedlem i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Jarl Magne Silden, Fiskarlaget

UROA: Jarl Magne Silden er styremedlem i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Dei er uroa for at den nye redningsskøyta vil føre til redusert beredskap.

Foto: Harald Kolseth

– Ikkje eigna

Den nye redningsskøyta har også plastskrog og litt mindre motor.

I dag er havet stille, men slik er det langt ifrå alltid. Den pensjonerte redningsskøyteskipperen Magne Sætren frå Måløy meiner «Bergen Kreds» ikkje eignar seg til områda rundt Stad.

– Dette er ingen båt å ha her om det er skikkeleg dårleg vêr. Mannskapet kan bli redde for å bruke skøyta i dårleg vêr. Eg er redd dei går til kai igjen om det bles opp til ein stor storm under eit oppdrag.

Det seier Sætren til Fjordenes Tidende, som først omtalte saka.

Magne Sætren

KRITISK: Tidlegare skippar Magne Sætren er ikkje fornøgd med kvalitetane til «Bergen Kreds».

Foto: Steinar Lote / NRK

I dag var saka oppe under Fiskarlaget sitt styremøte. Dei kallar dette eit steg i feil retning.

– Dette kan vere eit stort skritt tilbake, særleg for fiskeflåten som utviklar seg til større einingar, og då treng vi slepekrafta som «Halvdan Grieg» hadde.

Forsvarer ny skøyte

Ståle Eikeland er beredskapsrådgjevar for region Vest i Redningsselskapet. Han avvisar at det er grunn til bekymring.

– Dette er ein båt med fire mann om bord, i staden for tre mann slik som på «Halvdan Grieg». Eg har sjølv vore skipper og kan forsikre om at den vil fungere på Stadhavet, seier han.

Han erkjenner likevel at kapasiteten er hakket lågare.

– Båten er litt eldre, har lågare slepekapasitet og lågare fart, men er framleis eit havgåande fartøy som kan ta store fartøy på kroken, seier han.

Video På tur med Halfdan Grieg

«HALFDAN GRIEG»: Den førre redningsskøyta har vore ute i hardt vêr før.

Foto: Nyhetsspiller

Tilbake om to år

Også tidlegare har det vore utstasjonert båtar i Måløy som Fiskarlaget har vore kritiske til. Dei har ikkje blitt kontakta av redningsselskapet før innsetjinga av den nye båten.

– Det vi stiller spørjeteikn ved er slepekrafta. Denne kan ikkje slepe så store båtar som den burde kunna, slår Silden fast.

No er det likevel for seint.

– Det burde nok vore tatt opp tidlegare. Vi må ha ei skøyte som har minst dei same kvalifikasjonane som den som forlèt oss, slår han fast.

Ifølgje Eikeland er planen at båten skal tilbake til Måløy.

– Eg vil understreke at dette er ei mellombels løysing. Vi held på med eit nybygg til Vardø, og då kjem «Halvdan Grieg» tilbake til Måløy. Vi håpar at den er på plass innan to år, seier han.