Hopp til innhold

Meiner Helse Førde bryt krav

Tidlegare sjukehusdirektør Harald Lindvik meiner Helse Førde handlar i strid med eit krav frå helseministeren når det no er stans i drifta av den kirurgiske poliklinikken ved sjukehuset i Florø.

Harald Lindvik
Foto: NRK

– Eg skjønar rett og slett ikkje at dei torer.

Ved det tidlegare Florø sjukehus er det i dag poliklinikkar og radiologiske tenester. Den 1. april var det slutt for den kirurgiske poliklinikken.

Stopp då legen gjekk av med pensjon

Lindvik meiner Helse Førde går vekk frå eit krav frå helseministeren når tilbodet ikkje lenger er til stades i Florø.

– I sitt vedtak i februar 2008 gav statsråden klar beskjed om at når sengepostane ved sjukehuset vart lagde ned så skulle dei styrke og vidareutvikle det polikliniske tilbodet.

Tidl. Florø sjukehus

FRYKT FOR TILBODET I FLORØ: Det tidlegare Florø sjukehus, no ei avdeling under Førde sentralsjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Har ikkje lagt ned

Den kirurgiske poliklinikken har vore open ein dag i veka, men den 1. april gjekk kirurgen som jobba der ut i pensjon, og då var det stopp. Kommunikasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde seier at det ikkje er snakk om ei nedlegging av tilbodet.

– Vi har ikkje lagt ned poliklinikken, men det er rett at vi ikkje har vidareført tilbodet etter at det vart stengt 1. april. Vi har ikkje sagt at vi ikkje skal vidareføre klinikken.

– Vi har sagt at vi skal ha ein gjennomgang av det samla tenestetilbodet og arealbehovet i Florø, og så skal vi kome tilbake til korleis vi skal organiserer dette litt seinare.

Arne Eithun

- HAR IKKJE LAGT NED: Kommunikasjonsdirektør Arne Eithun.

Foto: Helse Førde

– Same vegen med resten?

Harald Lindvik fryktar at helsetilbodet blir redusert i Florø, og at dette er starten på ei nedbygging av helsetenestene.

– Når vi ser at den kirurgiske poliklinikken vart lagd ned i samband med at legen som var der gjekk av med pensjon, så var det vel det dei venta på. Vi har fleire som går av med pensjon i den nærmaste framtida, så då kan vi vel vente at det går same vegen med resten og.

– Skal oppretthalde tenestene

Arne Eithun seier at dette ikkje er tilfelle, og seier at dei skal oppretthalda dei tenestene dei har.

– Vi driv spesialisthelsetilbod i Florø, vi har mange poliklinikkar, vi har lærings- og meistringssenter, vi har psykiatrisk poliklinikk for både vaksne og barn der. Vi skal ha den aktiviteten vi er plikta til å drive, la det vere klart.

– Men før vi startar den kirurgiske poliklinikken igjen ønskjer vi å ha denne samla gjennomgangen før vi seier korleis det endeleg blir.