Fryktar at psykiatrien vert tapar i den evige krigen mellom sjukehusa

Psykiatrien vert nedprioritert på grunn av den endelause kampen mellom dei tre sjukehusa i fylket. Det meiner fleire fagfolk NRK har snakka med.

Hege Fimreite

KASTEBALL: Hege Fimreite ved Indre Sogn psykiatrisenter meiner at psykiatrien har vorte ein kasteball i systemet.

Foto: Amina Ølstad / NRK

Hege Fimreite er klinisk pedagog og tillitsvalt ved Indre Sogn psykiatrisenter. Etter åtte år i Helse Førde føler ho at psykiatrien har blitt ein kasteball i systemet.

– Det kan i alle fall oppfattast slik frå oss som jobba som fagfolk i barne- og ungdomspsykiatrien, seier Fimreite.

– Vi er veslebror som blir ein kasteball

På Indre Sogn psykiatrisenter tek ho og dei andre behandlarane imot barn og unge med store psykiske problem. Fimreite meiner det er vanskeleg å bli høyrt i all støyen kring dei somatiske sjukehusa.

– Vi er veslebror som blir ein kasteball. Somatikken må jo ha hjartemaskiner og anna dyrt utstyr for å redde liv, eg skjønar jo det, men eg håpar vi ikkje er på veg mot ei nedprioritert psykisk helse, for den er viktig den òg, meiner Fimreite.

Frå 1997 til 2008 var det eit stort nasjonalt fokus på psykiatri i Noreg. Det blei brukt i alt 9 milliardar på oppbygging av informasjon, nye tenester og vidareutdanning. No peikar pila ein annan veg igjen. Det meiner leiar for det nedleggingstruga familiehuset i Førde, Audhild Myklebust.

– Under opptrappingsperioden skulle vi få ei stilling slik at vi kunne ta imot to familiar, det fikk vi ikkje og vi mista faktisk ein av våre miljøterapeutar året etterpå, fortel Myklebust.

– Korleis reagerer du på det?

– Vi har jo blitt bedt av barne- og ungdomspsykiatrien om å kunne legge inn to familiar og når vi då ikkje kan det, på grunn av nedtrapping, så synest eg det er beklageleg, seier Myklebust.

Har fokus på alle helsetenestene

Clara Øberg

FOKUS: Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, meiner at dei har like mykje fokus på psykiatri som på dei medisinske behandlingstilboda.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, meiner derimot at administrasjonen i helseføretaket har like mykje fokus på psykiatri som dei medisinske behandlingstilboda.

– Mitt inntrykk er at vi har ein administrasjon som har eit stort fokus på alle helsetenestene våre og er veldig bevist på det at vi skal gje gode tenester til alle pasientgrupper.

–Det er rett at det vert mykje fokus på krigen i somatikken, men eg har ikkje inntrykk av at psykiatrien er ein kasteball. Tvert om er det noko eg har inntrykk av at administrasjonen er bevist på at vi skal gje gode tenester til desse pasientgruppene, seier Øberg.

Utrygg arbeidsplass

NRK har vore i kontakt med fleire styremedlemer og andre med sentrale posisjonar i Helse Førde dei siste dagane.

Alle utanom Clara Øberg nektar å kommentere tilhøvet mellom dei somatiske helsetenestene og psykiatrien. Inntrykket tillitsvald Hege Fimreite sit att med er likevel klart.

– Det vi ser er at glansperioden frå 1998-2008 no definitivt er over. På Sogndal barne- og ungdomspsykiatri har vi alltid jobba mindre enn det som er tilrådd. Vi har jobba tverrfagleg, men vi har aldri klart å rekruttere nok psykologar. Det vi ser er at fleire forsvinn frå oss og det kan ein tenke er ein konsekvens av at vi er på ein utrygg arbeidsplass for tida, seier Fimreite.