Sju born frå Nord-Korea deltok i hovudprosesjonen og nasjonaldagsfeiringa i Bergen i dag. Kledd i tradisjonelle nord-koreanske antrekk med levande fargar fanga dei merksemda til folk med sine uskyldige smil og nyskjerrige blikk.
SPESIELT: Barna frå Nord Korea syntes det var spesielt å gå i 17. mai, men likte det godt.
Foto: Rias Babu / NRK– Dette er spennande og ei heilt ny verd for oss, fortel Kim Ryong Jong til NRK og avslører eit lukkeleg smil.
Dei gjekk i prosesjonen saman med gruppa frå Festspillene i Bergen.
– Dette er annleis, men me elskar det. Dette er veldig spesielt, seier Jo Tok Song om opplevinga. Ho kikka på eit bunadskledd barn og bemerka at den kjolen var veldig vakker.
LES OGSÅ:
Ny versjon av Kardemomme by
Det er første gong desse sju borna frå Kum Song Music School i Pyongyang er utanfor heimlandet sitt. Dei er i Noreg for å framføra Torbjørn Egner sitt skodespel «Folk og røvere i Kardemomme by», med ein ny stil kalla «Kardamomyang», regissert av Morten Traavik.
– Stykket vil bli vist på Logen teater som del av Festspillene i Bergen. Dei skal synga nokre norske songar frå stykket og nokre andre utvalde songar, fortel Morten Traavik til NRK.
Egner sitt originale spel om Kardemomme by er på mange måtar eit Brecht-stykke, der målet er å innstille publikum på dei sosialdemokratiske verdiane Skandinavia hadde på 50-talet.
I det originale stykket seier lova at folk skal vera gode mot kvarandre og ein klok mann i eit tårn gir rettleiinga om kva som er rett og gale. Røvarane som kjem til byen er det viktigaste tematiske elementet i stykket, og dei blir snillare menneske gjennom frivillig samfunnsteneste.
Stiller spørsmål rundt demokrati og yttringsfridom
REGISSØR: Morten Traavik er regissøren av stykket «Kardamomyang».
Borna frå Nord-Korea som skal framføra stykket er mellom 11 og 15 år, og dei kom til Bergen 15. mai. Dei er ein del av Festspillene i Bergen sin sitt forsøk på å stilla spørsmål rundt omgrepa demokrati, yttringsfridom, og verdiar som nordmenn reknar som heilt grunnleggande.
– Dette er heilt nytt for borna. Dei får oppleva Noreg, og landet sin kultur og tradisjon. Min plan er å introdusera dei for ei ny erfaring som kan gi dei nye perspektiv, og også å gi nye perspektiv til nordmenn, seier Traavik.