Skikrinsen i Sogn og Fjordane lærer opp 600 barn midt i skuletida. Målet er at dei skal bli glade i å stå på ski.
– Gode skiforhold i heile fylket betyr veldig mykje for rekrutteringa. Utan snø er det særdeles vanskeleg å drive med skisport, seier Yngve Thorsen i skikrinsen.
Det var nettopp snømangel som var problemet for eitt år sidan. Brunt underlag i staden for kvitt, gjorde at elevane måtte halde seg heime, og at skimiljøet frykta for rekrutteringa. Både lærarar og elevar frydar seg over å vere tilbake.
Sjå både glede, knall og fall i videoen øvst i saka!