Hopp til innhold

Fryktar kva snømangelen gjer med rekrutteringa

Per i dag er det berre gode treningstilhøve for langrenn ved tre skianlegg i fylket. Det er dårleg nytt for dei som vil få mange unge til å byrje med skisport.

Skisenter manglar snø

SÅVIDT KVITT: F.v. ved Ullsheim i Stryn er det bra langrennstilhøve. Ved Vik Skisenter er det framleis for lite snø til å køyre opp klassisk spor, og også på Langeland skisenter er det smått med snø.

Foto: Webkamera

– Det er rett og slett litt trist at vi ikkje har fått snø endå, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen.

For trass i at vi er på god veg inn i 2014, har dei kvite snøfnugga late vente på seg. Det er heller dårleg nytt for dei som ønskjer å få mange, nye skiløparar med på moroa.

– Med tanke på rekrutteringa til skisporten, så er det urovekkjande, seier Thorsen.

Stor variasjon på forholda

Han har fått tilbakemeldingar frå fleire trenarar som melder om litt tunge tider.

– Det er tungt, og det er vanskeleg for mange lag å halde oppe ein god aktivitet når skitilhøva er slik dei er no. Men på den andre sida ser vi også at vi har gode skiforhold fleire stadar i fylket, seier Thorsen.

Viss du er lysten på ei skikkeleg treningsøkt på langrennsski, med gode forhold, har Thorsen tre stadar å tilrå.

– Leirdalen i Jostedalen har svært fine forhold. Det har dei også i Hodlekve i Sogndalsdalen. Også på Ullsheim i Stryn har dei gode langrennsforhold, seier Thorsen.

Yngve Thorsen

HÅPAR DET KJEM: Dagleg leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen, kryssar fingrar for at snøen kjem snart. Her fotografert ved eit tidlegare høve, då det låg godt med snø ved Langeland skisenter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ved Vik Skisenter hadde dei gode forhold til for ei veke sidan.

– Då fekk dei frykteleg mykje regn, noko som førte til at dei måtte avlyse Vikjasprinten, seier Thorsen.

Det skal vere brukbare forhold på Utvikfjellet. Det er også mogleg å gå på langrennsski fleire andre stadar i fylket, sjølv om forholda nok varierer noko.

Berre tre alpinsenter er opne

Sjølv om mange kanskje meiner det burde lege tjukt med snø fleire stadar no, er det slett ikkje sikkert at det er så unormalt at snøen let vente på seg.

– Vi har vore velsigna med nokre snøvintrar dei tre-fire siste åra, men det kan hende det er dette som er normalen. Det at vi har litt lite snø i fylket før jul, det er ikkje nødvendigvis så unormalt. Men at vi no går inn i januar og det framleis er ymse snøforhold, er ikkje bra for vår del, seier Thorsen.

Dersom du aller helst vil stå på alpinski, er det også langt mellom dei opne skisentera.

Så langt har berre tre av skisentera i Sogn og Fjordane opna heisane sine. Ved Sogn skisenter på Hafslo, Hornindal skisenter og Sogndal skisenter Hodlekve kan ein svinge seg nedover bakkane.

Men ved fleire av skisentera er mange av bakkane framleis ikkje dekte av snø ein gong, og det uroar dei som driv sentera. For dei fleste har mykje gjeld, og når snøen ikkje kom, fekk mange ikkje opne til julehelga 2013, slik dei hadde ønskt.

– Det er ikkje noko hemmelegheit at tala for 2013 er raude, så dette er ein dårleg start for 2014, seier dagleg leiar ved Harpefossen skisenter i Eid, Robert Engeland.

Må reise vekk for å få trene

For dei som treng snø under alpinskia for treninga sin del, så betyr det farting ut av fylket, for å få naudsynt trening til sesongen startar.

– Ein av konsekvensane er at ein rett og slett må ut av fylket for å kunne trene på ski. Det er likevel ikkje så unormalt at alpinanlegga har ein noko seinare sesongstart enn det ein har i langrenn. Men det er sjølvsagt viktig for dei å komme i gang rundt juletider, eller tidleg i januar, seier Thorsen.

Han trur likevel ikkje dette fører til at alpinistane i Sogn og Fjordane må ha fleire utanlandsopphald enn kva som opphavleg var planlagt.

– Det trur eg ikkje. Det er 70 løparar som er på Hafjell no for å få trent der. Dei skal ha samling frå i dag og fram til søndag. Men noko fleire utanlandsopphald er nok ikkje aktuelt, seier Thorsen.

Og meteorologen kan ikkje love snø...

Og for dei som ventar, lettare febrilske, på snø, så har dessverre ikkje vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Steinar Skare, godt nytt.

– Det er ikkje noko snø i vente så langt fram som eg kan sjå, seier Skare.

Det er meldt mildt og vått heile denne veka, og eit godt stykke ut i neste. Det er rett nok meldt litt lågare temperaturar heilt i slutten av neste veke, men det hjelper ikkje det heller.

– For då er det ikkje meldt noko nedbør, og dermed kjem det ikkje snø heller, seier Skare.

Han legg til at ein må høgt til fjells for å oppleve at det som kjem av nedbør dei næraste dagane, skal komme som snø.

– Til dømes så er snøgrensa i dag og i morgon sett til mellom 600 og 800 meter. Eg ser på oversikta at Maristova, som litt på 800 meter, har 42 centimeter. Det er ikkje veldig mykje, seier Skare.

Men han minner om at sjølv om vi sukkar høglydt over mildvêr og regn, så skal vi ikkje meir enn eitt år tilbake i tid før vi hadde det heilt omvendt.

– Då hadde vi det kaldt frå desember 2012 til februar 2013, så det svingar veldig. Men slik det ser ut no, vert det berre regn – både høgt og lågt, seier Skare.