Hopp til innhold

MDG seier ja til å sende våpen til Ukraina – berre SV har ikkje bestemt seg

MDG støtter avgjerda om å sende våpen til Ukraina. SV varslar at dei framleis treng «nokre dagar på å lande».

M72

M72: Noreg donerer opp mot 2000 av denne panservernvåpen til Ukraina.

Foto: LCpl Andres J. Lugo / 2d Mar Div 1/6

Nokre gonger er det greitt å innrømme at ei avgjerd er vanskeleg, for her vert 60 år med praksis i norsk våpenpolitikk endra på veldig kort tid, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Måndag gjorde Noreg eit historisk vedtak: Å sende våpen til Ukraina.

SV hadde landsstyremøte i går kveld, men utan å lande på eit ja eller nei til å sende våpen til Ukraina. MDG vedtok at dei støttar våpeneksporten i går kveld.

Det betyr at SV er det einaste partiet som ikkje har tatt stilling til regjeringa sitt vedtak om å donere opp mot 2000 panservernvåpen til Ukraina.

Vi har framleis diskusjonar, seier Kari Elisabeth Kaski, som er valt inn i SVs gruppestyre.

Audun Lysbakken og Kari Elisabeth Kaski, nestleder og finanspolitisk talskvinne i SV.

PÅ GJERDET: SV hadde landsstyremøte i går, men avgjorde ikkje om dei støtter regjeringa sitt ja til å sende våpen til Ukraina. Partiet her representert ved Audun Lysbakken og Kari Elisabeth Kaski.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Eit ekstremt politisk utslag

NRK har i dag vore i kontakt med ei rekke SV-profilar, men alle viser til leiar i partiet, Audun Lysbakken og kva han sa på Dagsrevyen måndag kveld.

Der sa han at han hadde «sympati og forståing» med regjeringa sitt våpen-ja, men la til at hans eige parti «trenger meir tid».

Andre i SV viser til «vår heilt spesielle historie» og «vår tradisjon som fredsparti» som forklaring på kvifor partiet må bruke lengre tid enn dei andre på å konkludere.

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier det er eit testament til kor mykje verda har forandra seg på kort tid at SV – uansett kva som blir utfallet av avstemminga – ikkje umiddelbart og på autopilot seier nei til å eksportere våpen til eit land i krig.

At det er ei mogelegheit, og attpåtil ei god mogelegheit, til at SV seier ja til å sende våpen innanfor strenge rammer, er i seg sjølv eit ekstremt politisk utslag, seier han.

Vänsterpartiets leder, Nooshi Dadgostar

SØSTERPARTI: I Sverige gjekk partileiar Mehrnoosh «Nooshi» Dadgostar i Vänsterpartiet (bilete) inn for å sende våpen til Ukraina, men vart sidan overkøyrd av sine eigne.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Vi blir medkrigarar i Ukraina

I Politisk kvarter tysdag morgon sa spesialrådgivar ved Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), Cecilie Hellestveit at Noreg som våpeneksportør «teknisk sett blir medkrigarar i Ukraina».

Tidlegare sekretariatsleiar i stortingsgruppa til SV, Thor Egil Braadland, gir att Hellestveit i ein oppdatering på Facebook.

– Noreg som våpeneksportør opnar ein veldig spesiell situasjon, fordi vi teknisk sett blir medkrigarar i Ukraina.

I Sverige går dei same spenningane tvers gjennom Vänsterpartiet, som er SV sitt svenske «søsterparti».

Partileiar Mehrnoosh «Nooshi» Dadgostar har kalla inn til ekstraordinært møte i dag for å lande spørsmålet etter at det har vore mykje fram og tilbake.

I Danmark har Socialistisk Folkeparti (SF) sagt ja til å støtte Ukraina med våpen.

Det var måndag ettermiddag at den norske regjeringa vedtok å tilby Ukraina våpenstøtte. Fram til det ville regjeringa berre sende forsvarsmateriell som hjelmar og skotsikre vestar. Samtidig har fleire naboland, som Sverige, Danmark og Finland, sagt ja til å sende våpen.

Vi legg oss dermed på same linje som nære allierte og dei andre nordiske landa, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Støre

NY LINJE: Det var måndag ettermiddag at Støre-regjeringa vedtok å tilby Ukraina våpenstøtte. Fram til det ville regjeringa berre sende forsvarsmateriell.

Foto: Terje Pedersen / NRK

Rødt seier nei til å sende våpen

Høgre, KrF, Venstre og Frp støttar regjeringa sin politikk om å sende våpen til Ukraina. Rødt er førebels det einaste partiet som har sagt nei til å sende våpen.

Men vi har sagt ja til å sende hjelmar, vestar, sambandsutstyr og medisinsk utstyr for å hjelpe Ukraina mot Russland sin grove folkerettsstridige invasjon, seier Rødt-leder Bjørnar Moxnes til NRK.

Det russiske utanriksdepartementet sa måndag at landa som forsyner Ukraina med dødelege våpen vil bere ansvaret dersom de blir brukt under Russlands «militære operasjon» i landet.

Norsk utanrikspolitikk er styrt av regjeringa og spørsmålet om våpen til Ukraina skal difor ikkje til votering i Stortinget. Det er likevel tradisjon for at dei ulike partia flaggar sine standpunkt i så store spørsmål.