For to år sidan kverrsette politiet 30 kilo hasj i ein bil utanfor Unions sine gamle lokale.
I mai i fjor vart leiaren for Union MC dømd til seks års fengsel for kjøp av narkotikaen, men 41åringen anka domen frå tingretten og hevda han vart uskuldig dømd.
No er anka til MC-leiaren handsama i Gulating lagmannsrett.
Medan to av dei totalt seks andre personane som var tiltala i saken vart frikjende, vart leiaren for bergens mest kjende motorsykkelklubb også her funnen skuldig.