Hopp til innhold

Maurstad blir ny statssekretær

Kristin Maurstad (32) blir ny statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet.

Kristin Maurstad

STATSSEKRETÆR: Kristin Maurstad avviste dei første telefonane då nærings- og handelsminister Trond Giske ville hyre henne til statssekretær.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kristin Maurstad er opphavleg frå Sunnmøre, men er no busett i Vågsøy.

32-åringen tek over statssekretærposten etter Roger Ingebrigtsen som trekte seg frå alle politiske verv etter at hans seksuelle relasjon til ei då 17 år gamal jente vart kjent . Engasjementet går fram til påske.

– Nærings- og handelsdepartementet er mitt draumedepartement og eg ser veldig fram til å byrje. Det er eit veldig spennande departement, seier Maurstad.

Avviste telefonen

– Eg har jobba innan feltet slik at eg har ei viss kjennskap til kva det dreier seg om. Men det skal bli veldig kjekt å få oppleve departementet frå innsida, held ho fram.

Maurstad fekk telefon frå departementet og Trond Giske torsdag ettermiddag.

– Eg sat i møte og avviste i første omgang telefonane, men Trond fekk kontakt etter kvart. Då gjekk han rett på sak og spurte om eg kunne tenkje meg å gå inn i eit vikariat fram til påske som statssekretær, fortel tobornsmora.

Mange verv

Måndag møter Maurstad på sin første arbeidsdag i departementet. 32-åringen er frå før lokallagsleiar og varaordførar i Vågsøy, styremedlem i Sogn og Fjordane Ap og står på tredjeplass på stortingslista til Sogn og Fjordane Ap.

Tobornsmora har arbeidd som prosjektleiar i utviklingsselskapet Fram Flora og har også sete som sekretariat for Kystvegen Ålesund–Bergen. Maurstad har tidlegare jobba i Måløy Vekst.

– Du har mange verv, kva skjer med desse?

– No skal eg på jobb i Oslo måndag morgon, og då skal vi få orden på det praktiske og alle spørsmåla eg har. Men det går heilt sikkert å få dette til, seier ho.