Hopp til innhold

«Billig sjokolade» gjorde at matvareprisane gjekk ned i februar – 23 år sidan sist

Ikkje sidan 2001 har prisen på mat gått ned i ein februarmånad. Tilbodskampanjar i butikkane er hovudårsaka, ifølge SSB.

Ole Jakob Steinvoll (25) kjøper brus på billigsal.

BRUS-PUSHING: Tilbodskampanjar gav ein overraskande prisnedgang på matvarer i februar. Ole Jakob Steinvoll nyttar høvet og shoppar billig brus.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Klokka er 20 og Ole Jakob Steinvoll er utsend av sambuaren sin til Rema 1000 i Lars Hilles gate i Bergen sentrum. Det er ikkje langt for han å gå for å finna nedsette varer. Han treng berre kryssa gata.

– Dette er sjukt billig, seier 25-åringen framfor pallesalet med påskebrusen.

Norske matkundar har måtta tola friske prishopp i lang tid. Men no verkar det som det har snudd. I førre månad fall prisane, noko som er uvanleg på denne tida.

– Det er svært uvanleg at matvareprisane fell i februar. Det har me ikkje sett sidan 2001, seier seksjonsleiar Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Billigare sjokolade, dyrare frukt

Ifølge deira tal var det tilbodskampanjar som gjorde at mat i butikk blei 0,7 prosent billigare i februar enn i januar. Nokre døme:

  • Brød: ned 2,3 prosent
  • Ferskt kjøt: ned 1,3 prosent
  • Ferdigpizza: ned 8 prosent
  • Sjokolade: ned 8,6 prosent

Sunn mat som frukt blei derimot dyrare:

  • Frukt: opp 7,0 prosent.
Kunde med barnevogn i daglegvarebutikk

Terese Petersen følger mest med på kva tid morsmjølkerstatning er på tilbod.

Foto: NRK

Også i Ålesund finn NRK kundar som likar prislappane dei no ser i butikkane:

– Det er veldig bra å høyra. Mange familiar og studentar vil vera takksame for det, seier Selma Nupen.

Leander Ness, som kjøper «litt biff, og pizza av og til», tykkjer det er bra at det blir lågare prisar.

– Eg har ein app på mobilen, så eg følger med på tilboda. No er det morsmjølkerstatning for det meste, seier Terese Petersen.

Priskutta har ifølge bransjen vore sterkast på mykje omsette varer som kjøtdeig og mjølk. Men i tala frå SSB er det prisfallet på sjokolade og pizza som er mest påfallande.

Usemje om rentekutt

Men billigare mat den siste månaden betyr slettes ikkje at prisveksten i Noreg har stoppa. Den har berre bremsa litt, fordi nedgang i matprisane dempa prisveksten.

Den samla prisveksten – altså konsumprisindeksen (KPI) – dei siste tolv månadane landa på 4,5 prosent i februar. I januar var den 4,7 prosent.

Eit sentralt spørsmål er om og kva tid ei slik prisutvikling gjer at Noregs Bank reduserer renta. Økonomar er ikkje heilt samde.

Kjetil Olsen Nordea
Tom Balgaard / Tom Balgaard/NRK

Kjetil Olsen, sjeføkonom i Nordea

– Me trur ikkje at rentekuttet kjem tidlegare enn desember. For dette er berre eitt tal. Noregs Bank har signalisert at dei ønsker å vere tolmodige. Me går inn i eit lønsoppgjer som peikar i retning av ein lønnsvekst på kanskje rundt 5 prosent. Det er veldig mykje høgare enn det som skal til for å få ein inflasjon på 2 prosent. Så foreløpig held vi på prognosane om første rentekutt i desember.

priser-rente-02-110324
Håvard Greger Hagen / NRK

Sara Midtgaard, seniorøkonom i Handelsbanken

– Vi trur at Noregs Bank blei positivt overraska av å sjå desse tala. Vanlegvis blir matvareprisane justerte opp i februar, men den kommande månaden kan vi sjå at spesielt prisveksten på importerte konsumvarer vil bidra til å trekka ned årsveksten i konsumprisindeksen her heime. Sett i lys av kostnadspresset vi har i norsk økonomi, tenker vi at dette isolert sett bidrar til tidlegare rentekutt.

Olav Chen, Storebrand
Silje Rognsvåg / NRK

Olav Chen, økonom i Storebrand

– Noregs Bank må setta opp renta vidare, mellom anna for å parera den svake krona. Det er ein undervurdert éin-til-éin-samanheng mellom svak norsk krone og inflasjon seks til ni månader framover. Hevar dei renta ytterlegare, så vil det sannsynlegvis styrka krona, òg. Det vil føra til at importert inflasjon kjem ned framover. Så sannsynlegvis følger Noregs Bank opp med ei ny renteheving i desember.

– Desse tala kjem til å påverka kva tid me får første rentekutt, meiner seniorøkonom Sara Midtgaard i Handelsbanken.

Ho seier prisveksten minkar raskare enn det Noregs Bank allereie har lagt til grunn.

– Me ser tydelege teikn på at dette går ned mot inflasjonsmålet på 2 prosent på sikt. Då kan Noregs Bank kjenna seg trygge på å kutta renta etter kvart. Det me ser er at internasjonale produsentprisar, spesielt på mat, har minka veldig raskt. Det trur me vil påverka prisveksten her heime i Noreg, òg.

Ho har ein prognose på at det første rentekuttet kjem i tredje kvartal, altså rundt september i år.

Sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea meiner derimot at Noregs Bank kjem til å venta til desember.

– Prisveksten er framleis altfor høg. Det var daglegvarer som i hovudsak bidrog til denne overraskinga. Her er det nok litt sesongeffektar, òg. Eg trur Noregs Bank er redd for at kronekursen skal svekka seg igjen viss dei blir for ivrige med å kutta renta.

Økonom Olav Chen i Storebrand er endå meir pessimistisk på norske lånekundars vegner. Han reknar med ei ny renteheving i desember.

– Noregs Bank styrer etter inflasjonen. Kjerneinflasjonen ligg skyhøgt over det. Sånn sett er ikkje inflasjonskampen til Noregs Bank over ennå, meiner han.

– Tar den billigaste brusen

Uansett kva som skjer med renta i haust, gler Steinvoll seg no over at særleg søtsaker har blitt billigare i februar.

– Eg har ein sambuar som drikk Pepsi Max. Men det er dyrare, så då tenkte eg at me burde prøva noko nytt. Derfor kjøper eg heller ei pakning med Solo Super, smiler han.

Midt på golvet framfor mjølkedisken står det ein stabel med begge sortar, som begge er på tilbod.

– Du tar jo det som er billigast. Og så er det jo påske. Snart, seier Steinvoll.

NRK KORRIGERER: Sitat frå økonom Olav Chen i Storebrand vart fjerna ein time etter publisering. Uttalelsane var frå eit tidlegare intervju, og vart siterte på grunn av ei misforståing.