Etter å ha køyrd over både sjø og land heile vegen til Haugesund fekk Lerøy endeleg tak i gigantnissen han hadde ynskt seg i over to år.
Men når sambuaren fekk vite om det rauk nissefar rett ut på finn.no.
– Eg synest han er ganske stilig, seier Marius Lerøy.
NISSEFAR: Ein oppblåst type og diverre ikkje velkommen i hagen til sambuarparet.
Ikkje velkomen
Sambuaren var mindre imponert over den oppblåste nissen som skulle få tilhald i hagen.
– Eg kom heim utan å vite ein drit, seier sambuar Maria Thormodsæter om kjøpet.
Sjølv rekk Lerøy den oppblåsbare julenissen opp til støvelkanten, og ho måtte opp på verandaen for å hjelpe til med å reisa julehelten.
Før han kjøpte nissen, forsøkte Lerøy å vise fram nissen som var til sals på Facebook til sambuaren i håp om at ho og skulle legge sin elsk på tanken av å ha bygdas største nisse i hagen.
Då gav ho klar beskjed om at dei ikkje trengde noko nisse.
– Men nisse blei da, seier ho oppgitt.
DRAUMEN BRAST: Gleda blei kortvarig for Marius Lerøy som håper nissefar får ein ny heim til jul.
Foto: PrivatIkkje heilt uvanleg
Adéle Cappelen Blystad er pressekontakt i Finn.no og trur det er gode sjansar for at nokon kan ha like lyst på ein nisse til jul som Lerøy.
Men overraska er ho ikkje:
– Eg trur ikkje det heilt uvanleg at ein kjøper ting utan at partnaren nødvendigvis er like fornøgd.
No ryk nissefar
No må han velje mellom ho og nissen og då blei valet enkelt for Marius.
– Eg trur eg gjer eit godt val med å velje Maria framfor nissen, seier Lerøy nøgd.
Nissefar hamna på Finn, og Lerøy unngår truleg å få kol i julestrømpa frå sambuaren.
Men førebels er det ingen som har turt å risikere julefreden og kjøpt nissen.