Hopp til innhold

Måtte springe ut av det brennande bustadhuset

Flammar stod ut kjøkenvindauget i eit bustadhus på Hjellane på Voss.

Brann Hjellane Voss

STARTA PÅ KJØKENET: Heile huset har fått røykskadar, ifølgje brannvesenet.

Foto: Arne Hofseth

Ein av bebuarane i huset ringde og varsla om brannen i halv titida i dag.

– Ho oppdaga at det var full fyr på kjøkenet, og melde frå via fasttelefon. Ho måtte berre springe ut av huset, seier Arne Rikstad i 110-sentralen.

Då brannvesenet kom fram til staden stod flammane ut kjøkenvindauga på huset.

Har sendt ut restverdibil

Brannvesenet fekk etter om lag ein halvtime kontroll på brannen.

– Me har kontroll på situasjonen, har laga hol i taket og sett i gong ventilering for å få ut røyken. Me har også sendt ut restverdibil for å hjelpe til med sanering av huset, seier Rikstad.

Brannen starta på kjøkenet, og skal ha vore avgrensa til denne delen av huset. Resten av huset har fått røykskadar, opplyser brannvesenet.

Kvinna skal ha vore åleine i huset då det byrja brenne. Årsaka til brannen er enno ikkje kjent.