Måtte berge bilar som stod bom fast

Brøytebilsjåfør måtte bruke handmakt for å få laus bilistar på Tindevegen i Sogn i går.

Tindevegen 22.5.20

MÅTTE BRUKE HANDMAKT: Brøytebilsjåfør Terje Weka og mannskap frå Luster Raude Kross måtte spa fram bilen.

Foto: Terje Weka

– På ein skala frå ein til ti var vi på åtte her, det kunne gått gale, seier brøytebilsjåfør Terje Weka.

Turen på Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø i Sogn enda i bom stopp for passasjerane i fire bilar i går.

– Den første bilen køyrde seg fast i snøen. Vêret eskalerte etter det. Det bles opp til 25 m/s, vinden tok med seg grovsnø som la seg rundt bilen, fortel Weka.

I kraftig vind og krevjande forhold brukte Weka og fleire andre hjelparar timar for å få dei i gang igjen. Det var totalt åtte personar i bilane, to av dei var barn.

– Det var gilde for å hjelp, seier Weka.

Lokalt fenomen

Luster Raude Kross sende ein person for å hjelpe til. Hjelpekorpsleiar Ove Fortun seier fenomenet er kjent på Tindevegen og Sognefjellsvegen.

- Når det blir kaldt og snø, blir det som å køyre inn i ein tunnel. Det treng ikkje vere så mykje vind før det legg seg ned i vegen, seier Fortun.

– Det som var litt merkeleg med situasjonen, var at det ikkje var snø på dei høgste punktet ved bommen, men snø lengre nede, fortel han.

Fortun seier det er ei utfordring at det ikkje er telefondekking på staden, og difor vanskeleg å få gitt beskjed. Han blir ikkje overraska om det skjer igjen at bilar blir staånde fast grunna vind og snø.

– Då blir vi ikkje overraska. Ein skal vere obs når det er vêromslag, seier han,

– Ikkje forlat bilen

Weka fortel også at forholda skifta fort i går. Ein kjenning av han køyrde vegen berre ein halvtime før dei fire bilane sette seg faste. Han rår folk til å tenke seg om når dei skal køyre over fjellet.

– Sjå di eiga og bilen si avgrensing, snu i tide og ha med kle som gjer at du kan vere ute i dårleg vêr. Og ikkje forlat bilen. Begynner du å gå slikt vêr, taklar du det ikkje det lenge.