– Når vi låg der oppe, så raste det is ned i juvet. Så den ein sida var det uaktuelt å gå, fortel Vilde Mikael Rostad, ein av klatrarane som ville prøve å få sauene ned frå fjellhylla i Lærdal.
Saman med Sjur Eirik Hammersland la han seg laurdag kveld til rette på ei smal fjellhylle, for å vere klare til å berge sauene neste dag.
- Les også:
– Det var akkurat nok plass til at to mannfolk kunne ligge tett inntil kvarandre, og ha eit kokeapparat på sida. Alt låg på skeive, fortel han om overnattinga ute i ruskete Vestlandsvêr.
Utfordrande tilhøve
Sauene har truleg stått på hyllene i underkant av ei veke, etter å ha vore sakna i heile haust. Dei var ikkje med resten av flokken heim til garden til bonde Gro Nybø. Det rasa is ned i juvet som klatrarane måtte ned til for å kome seg vidare ned til sauene som står faste på to små fjellhyller 425 meter over bakken.
– Så i dag tidleg skrinla vi i grunn at det gjekk an å berge sauene, men vi klatra 150 meter ned. Det var bratt og det rasa kring oss. Vi fann ut at det er mykje god læring i erfaring, men det er viktig å ta den erfaringa med seg vidare også, seier Rostad på telefon på veg ned til fast og trygg grunn.
Hadde dei hatt meir tau og fleire folk trur han dei kunne gjennomført berginga. Før dei kom seg opp på fjellet laurdag ramla ein av sauene som stod fast utfor og døydde. Fem sauer står att, men det blir ingen ny vår på desse fortel bonde Gro Nybø.
– Dei kan ikkje bli ståande å svelte. Så når vi ikkje kjem oss ned til dei, må vi prøve å skyte dei nede frå bakken. Det er ingen kjekk situasjon, men det er den siste moglegheita vi har att.