Hopp til innhold

– Dette er feigt gjort

Når olje- og energiminister Ola Borten Moe kjem til fylket i dag, er ikkje naturvernarar og berørte partar i den betente kraftlinjestriden varsla.

Trodalsvatnet

KRAFTLINJETRASE: I dette området i Trodalen kan kraftlinja kome.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Eg synes det er urettferdig og frekt gjort, seier Karoline Strand, leiar i Natur og Ungdom Sogn og Fjordane.

Fekk ikkje beskjed

Strand meiner måten Olje og energidepartementet har gått fram på gjer at Natur og Ungsom ikkje får fremja synspunkta sine.

karoline strand

PROVOSERT: Karoline Strand, leiar i Natur og Ungdom Sogn og Fjordane

Foto: Vidar Gudvangen

– Det er jo på ein måte litt feigt, at dei ikkje vil møte motstand, seier Strand.

Statsråden skal saman med Statnett på synfaring av kraftlinja Ørskog - Fardal, mellom Sogn og Sunnmøre.

Naturvernorganisasjonane er skuffa over å bli haldne utanfor og meiner Borten Moe er feig som ikkje vil møte motstandarane.

– Haldne utanfor

– Heile utbyggingssaka er veldig bentenkjeleg, når vi veit at det er eit av dei største naturinngrepa i Sogn og Fjordane i moderne tid, seier, Torleif Jacobsen leiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Han er provosert, men ikkje overraska over å ikkje få audiens hos statsråden.

Borten Moe skal saman med Statnett sjå på dei ulike alternativa for kvar den omstridde kraftlina mellom Sogn og Sunnmøre kan gå.

Ola Borten Moe

PÅ SYNFARING: Olje- og energiminister Ola Borten Moe

Foto: Senterpartiet

Han skal møte ordførara i kommunane langs traseane, men motstandarane har ikkje fått audiens.

Held korta tett

– Ein skal spele med opne kort. Ikkje halde korta så tett inn til brystet at ein ikkje veit kva som føregår, seier Jacobsen.

Magnus Sunde er grunneigar og kan få kraftmaster på eigedommen sin, viss Borten Moe bestemmer seg for det. Heller ikkje han har fått tid til å førebu seg på besøket frå regjeringa.

– Det hadde vore interessant å fått til ei markering overfor ministeren, men når det vert gjort på denne måten så får ein ikkje høve til å gjere det, seier Sunde.

Avviser påstandane

– Olje og energiminister Ola Borten Moe freistar ikkje å unngå kraftlinjemotstandarane, seier statssekretær Eli Blakstad.

Som understrekar at synfaringa ikkje er ein del av den ordinære saksprosessen.

– Hovudsynfaringa der alle berørte partar er invitert skal vere 16. august, forklarar statssekretæren.

Eli Blakstad

AVVISER KRITIKKEN: Statssekretær Eli Blakstad

Foto: Torvild Sveen / NRK

Blakstad forklarar at Borten Moe skal til Molde Jazz i dag. Statsråden skal samstundes ha ønskt å gjere seg kjend med traséen og prate med ordførarane i området.

– Eit slikt møte passa difor godt å få til i dag, sier Blakstad.

– Vil dei som føler seg forbigått i dag, få høve til på møte Borten Moe?

– Berørte partar vil få høve til å få prate med departementet. Vi frå politisk leiing er og opptekne av at det er gode prosessar, og at alle som føler at dei bør bli høyrde, blir det, seier Blakstad.

Trudde besøket kom seinare

Naturvernorganisasjonar og grunneigarar hadde byrja å bu seg på synfaring den 16. august. Då skal Energi- og miljøkomiteen på Stortinget på same tur.

– Vi har jo prøvd å få til ein demonstrasjon, men på så kort varsel er ikkje det mogleg. Folk har sommarferie og er vekkreiste. Så det kjem ikkje til å bli nokon demonstrasjon, seier Karoline Strand.

Det er departementet som til slutt vil avgjere kvar kraftlinene skal gå.