Hopp til innhold

Masseslagsmål og uro, travelt for politiet

Ein person fekk eit kutt i hovudet etter eit masseslagsmål på ein utestad i Høyanger i natt. Men det gjekk føre seg fleire andre stadar i fylket også.

Politi

TRAVELT: Det var fart på politiet i natt.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Politiet melder om ei uroleg natt.

I Høyanger fekk ein person eit kutt i hovudet etter at fleire personar vart usamde og rauk i hop på ein uteplass. Politiet skriv på Twitter at dei har snakka med partane og vil fylgje opp saka.

I Florø ringde ein person inn til politiet og fortalde at ein gjeng ville ta han. Då politiet kom fram, hadde ting roa seg.

I Førde fekk politiet to gonger melding om feststøy frå ei adresse. Men dei fann ingen fest. Det same skjedde i Florø. Der fann politiet festen, men då hadde den roa seg.

Feil heim

I Førde hadde fleire førdianarar vanskar med vite kvar dei høyrde heime i går kveld og i natt. Først måtte politiet køyre heim ein kar frå Slåttebakkane etter at han nekta å fjerne seg frå ein leilegheit han prøvde å ta seg inn i.

Deretter, i ellevetida, prøvde ein annan mann å ta seg inn i feil hus. Politiet køyrde han til rett adresse og bad han om å bli der.

Tre timar seinare ville nok ein person inn på ei anna adresse enn si eiga. Problemet var at dei som budde der ikkje kjende personen. Vedkommande vart henta og sett i arresten for ordensforstyrring.

På ein utestad i Førde slo ein person seg vrang, ifølgje politiet. Personen vart sett i den såkalla drukkenskapsarresten. Politiet seier personen kan vente seg å bli meld.

Ein annan person var i det same slå-seg-vrang-på-uteplass-humøret i Førde. Men han fekk gå heim etter at han forklarte seg for politiet.

Promille

I Måløy fekk politiet melding om køyring i påverka tilstand på ein tohjuling. Mistenkte vart teken med til legevakta og det vart teke blodprøve. Sak er oppretta, skriv politiet.

I Årdal vart ein festdeltakar meldt sakna. Det visste seg til slutt at personen hadde lagt seg til å sove, men ikkje på sin vante plass. Vedkommande sov i god behald.

I Årdal fekk politiet også melding om skadeverk på ein skule.

Og i Høyanger fekk ordensvakta melding om ein kraftig rusa person på gata. Då politiet kom fram, var personen ikkje fullt så full lenger.

Frå Stryn fekk alarmsentralen melding om pipebrann i eit hus i sentrum. Brannvesenet og politi kom til staden og fekk kontroll på brannen. Ingen personskadar.

Ampert

Utanfor ungdomshuset i Øvre Årdal var det ei stund ein amper stemning i går kveld. Men då politiet kom var stemninga god att. I alle fall ifølge politiet.

I Sogndal vart vaktene på ein utestad lei av ein mann og bad han gå. Det nekta mannen. Politiet rykka ut og gav han pålegg om å forlate staden.