Martin Roe har håp om medalje
Tikjempar Martin Roe ligg på 3.-plass i tikamptevlinga i EM i Berlin. Etter at 100 meter, lengde, kulestøyt, høgde og 400 meter er unnagjort, vedgår Roe at medaljehåpet lever. – Eg likar ikkje seia det, men det er mogleg med medalje viss eg har ein like bra dag i morgon, seier Roe til NRK.